Per Sævik stilte onsdag på Kystvegkonferansen i Ulsteinvik for å gje til kjenne sitt syn på satsingsmoglegheitene langs den aktuelle aksen frå Florø og nordover. Han innleidde med å fortelje at han hadde fått valet med å titulere seg som foredragshaldar. Mellom alternativa han såg var pensjonist, emissær, og administrerande direktør.

Det vart fort klart for tilhøyrarane at det var emissæren som slo gjennom denne gongen: Per Sævik hadde svært mykje på hjartet – både om tilstanden og moglegheitene for turismen i regionen.

Eineståande landskap

– Vi bur midt i eit heilt eineståande landskap. Her er alle dei unike fjordane, her er fjella og naturen i alle sine former.

– Sjølv om eg flyg inn mot flyplassen på Hovden kanskje 100 gonger i året, så er eg like fasinert kvar einaste gong over alt det eg får sjå frå lufta. Og midt oppe i dette er det altså vi bur og arbeider, konstaterte Sævik.

Samanlikna med Island

Så gjorde Sævik nokre dryge sjømilsteg vest i havet – til Island. Også der er det sterk natur. Men i motsetnad til vestlendingane så veit islendingane å nytte naturen sin – næringsmessig i form av turisme.

– Eg har sjølv vore der borte på fleire årstider. Dei har blå lagunar, geysirar og diverse spesialitetar. Men heller ikkje så mykje meir å slå i bordet med, etter det eg kan sjå.

– Island står avgjort ikkje tilbake for Norge – når det gjeld dårleg ver! Slo Sævik fast.

Utanfor boksen

Det talmessige poenget hans er vidare at Island, med sine drygt 350.000 innbyggjarar, hadde 1,7 millionar turistar på sagaøya i 2017. For inneverande år ligg talet an til å nærme seg 2,4 millionar. Det er her islendingane har fått til ei næring som Per Sævik på ingen måte ser godt nok utnytta her på berget. Og oppskrifta?

– Eg trur det handlar mykje om å tenkje utanfor boksen. Til å sleppe fantasien inn, og moglegheitene ut, analyserer Sævik og presenterer nære eksempel.

– Då Thon Hotel Fosnavåg stod ferdig for to og eit halvt år sidan, var det basert på aktiviteten rundt drifta av 120 lokale oljeskip. Oljekrakket kom parallelt med hotellopninga, konstaterte Sævik. Han fekk sjå ei hotelleiing som kasta seg rundt – og fann alternativa som ingen andre umiddelbart såg.

– No har dei likevel bra resultat. Eit anna og for meg endå nærare eksempel er Hotel Ivar Aasen i Ørsta. Vi kjøpte hotellet i juli 2017, og sette inn folk vi har stor tru på. Dei fekk umiddelbart teljande resultat – med å tenkje nytt og alternativt. Pilane vidare peikar godt opp.

– I begge desse tilfella handlar det om avgjerande nyorientering, og om det å sjå vidt nok rundt seg, sa Sævik.

– Loen Skylift eit klassedøme

Eit anna eksempel til tankemessig etterfølging, er Loen Skylift – pendelbanen som går opp til ein fjellkant tusen meter rett opp – med unik restaurant på kanten og mange aktivitetar.

– I mine auge den største og sprekaste satsinga i nyare tid i heile Sogn og Fjordane. Her var det nokon som verkeleg våga – og sjå berre kva veg det går med drifta der, oppmoda Per Sævik. Han meiner dette vågemotet og denne viljen til å tenke nytt, kan brukast i alle skalaer for satsing.

Eit prosjekt i verdsklasse har ikkje sett dagens lys – enno:

Stad skipstunnel – Men han kjem, alt ligg til rette for det no. Derimot er eg svært uroa for om nokon har tenkt dei høge satsingstankane som krevst kring opninga av eit prosjekt av verdsformat.

Per Sævik brukte humor – men han sparte ikkje på krutet då han på Kystvegkonferansen i Ulsteinvik torsdag mana til ei snarleg oppvakning for turistnæringa i regionen. Foto: Knut Arne Aarset
Granskingar viser at utlendingar har visse forventningar til visse ting i Norge. Per Sævik meiner å kunne påvise at her er ytterlegare vidt hav å ause av. Foto: Knut Arne Aarset