Den spesielle restauranten i Herøy, i ei gammal sjøbud på veglause Skotholmen, styrkar aksjekapitalen med fem millionar kroner. Ei rekkje store og små aksjonærar har allereie lagt pengar på bordet, men i denne runden kjem altså Flakk-gruppen inn som ny aksjonær.

– Den styrka kapitalbasen vil gjere oss i stand til å vidareutvikle Skotholmen som eit unikt opplevingsprodukt, og til også å kunne utvide sesongen, seier Arthur Almestad til lokalavisa Vestlandsnytt.

Ifølge avisa har Almestad heilt sidan kjøpet av holmen i 2009 hatt som mål å knyte til seg ein større aktør som jobbar opp imot den nasjonale og internasjonale marknaden.

Restauranten opna sommaren 2016 og ifølge selskapet fekk dei ein god start. Til saman 2.500 gjester tok turen til holmen i løpet av dei første driftsmånadene.

I tillegg til Flakk-gruppen har også Bjørn Teigene kome inn som ny aksjonær gjennom selskapet Jeasimo AS. Dei har skote inn om lag ein million kroner.

Pengane frå denne kapitalutvidinga skal mellom anna brukast til oppgradering av uteområde. Det skal også gjerast arbeid inne i andre etasje av sjøbua, der dei vil legge til rette for å ta imot mindre selskap.

Knut Flakk har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Knut Flakk i Flakk Gruppen. Foto: Staale Wattø