– Det er klart at Grand Hotel Hellesylt har stor kulturhistorisk og arkitektonisk verdi, og absolutt kan samanliknast med Union Hotel Øye.

Det skriv Iris Fivelstad, som sjølv eig hotellet Villa Norangdal, i eit ope brev til Knut Flakk i Flakk Gruppen AS.

Selskapet har planar om å bygge nytt hotell på Hellesyltneset, og vil difor rive det gamle hotellbygget som står der no.

Til Sunnmørsposten sa Flakk at bygget ikkje kunne samanliknast med Union Hotell på Øye, som han også eig.

Det er Iris Fivelstad ueinig i:

– Forskjellen på Grand og Union er at det eine er pussa opp, det andre ikkje. Det betyr ikkje at Grand har mindre kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Det er også difor det er lista som regional og nasjonal kulturhistorie, skriv Fivelstad.

Ho legg til at Grand Hotel består av to samansette bygg, som begge er eldre enn Union Hotel på Øye.

Eit ikon

– Grand Hotel er eit av dei viktigaste ikon i tidleg sunnmørsk reiselivshistorie, meiner Fivelstad, og viser til bygdeboka som fortel at den eldste delen av hotellet er frå 1876.

Fivelstad peikar på at norske trehotell fekk ein ublid skjebne på 1960-talet, særleg fordi dei trengde nye toalett og bad, og måtte brannsikrast betre.

Iris Fivelstad skriv at svært få av dei gamle hotella er i dag lik originalen. Men det meiner ho at hotellet på Hellesylt er, fordi ei ny romfløy kom som eit separat nybygg nede ved sjøen.

Ikkje lurt

– Eg er fagleg heilt overtydd om at det ikkje er lurt å rive Grand. Grand er ein stad der ein kan fortelje om Sunnmøre si reiselivshistorie, om korleis cruiseindustrien vaks fram

Ho minner også om at Grand Hotel ligg ved ein verdsarvfjord, og at det er samspelet mellom natur og kulturhistorie som er viktig for verdsarven.

Iris Fivelstad likar heller ikkje at Flakk Gruppen vil kalle det nye hotellet for Base Camp Hotel Hellesylt.

Postkortfotografen Harstad besøkte Hellesylt rundt 1950-talet, og tok då dette biletet av Grand Hotel.