Innsatsleiar Bård Rasmus Mork i politiet er glad for at det blei godt utfall av den dramatiske hendinga i Saudehornet tysdag. Og han finn grunn til å åtvare mot skredfaren.

– Desse skiløparane gjekk ei vanleg rute, men Saudehornet og renna der er utsett. Det veit lokalkjende. Når ein ferdast i eit slikt område og utløyser ras, då må ein seie det har vore ei feilvurdering. Dei burde ikkje vore i så bratt lende under slike forhold som vi har no, seier Mork.

Ikkje overraska

Det blei slått full alarm etter melding om raset i Ørsta. Også Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe blei kalla ut, men til alt hell slapp dei å aksjonere i raset som har gått på ein plass der det skal ha rasa også tidlegare.

– Eg ville ikkje gått på denne staden slik forholda er i dag, seier Jarle Steinar Bjørdal, som er med i skredgruppa og blei kalla ut då alarmen gjekk.

Han finn grunn til å åtvare mot rasfare:

– Eg er ikkje overraska over at det kunne skje. No veit eg ikkje korleis desse skiløparane vurderte det, men det er litt skummelt no. Det er finvêr og folk vil ut på tur, og det er lett å undervurdere risiko, seier han og rår alle til å sjekke forholda på varsom.no.

Også Mork åtvarar mot skredfaren:

– Vi har flott natur og folk blir freista til å gå på fjellet no, men ein må vise stor varsemd når ein ferdast med ski til fjells, seier han.

Flaut oppå raset

Ein mann i eit følgje på fire utanlandske skiløparar blei tysdag teken av snøras i Saudehornet. Mannen hadde skredsekk som blei utløyst, og han fortalde til Sunnmørsposten at han flaut oppå raset 200 meter nedover skredsida. Han sa også at han aldri var under snøen.

Skredsekken funger slik at ein ballong blir utløyst og ein vil halde seg på overflata av raset.

– Ein veit ikkje korleis dette hadde gått utan skredsekk, men ein har større sjanse til å halde seg på overflata med slikt utstyr, fortel Bjørdal.

Frå Tyskland

Verken mannen som blei teken av raset eller dei tre andre i følgjet var særleg snakkesalige etter det som hende.

– Eg er berre glad no. Eg har gått på ski i 40 år og ikkje opplevd noko liknande før, sa mannen til Sunnmørsposten.

Han fortalde også at han er frå Tyskland.

Ingen av dei ville vere med på bilde, men sette seg raskt inn i leigebilen og køyrde frå staden der dei parkerte før skituren.

Jarle Steinar Bjørdal er med i den lokale skredgruppa til Røde Kors. Han ville aldri ha gått der dei utanlandske skiløparane gjekk tysdag. Foto: Anne-Mari Tomasgard