Det seier Frank Sve, gruppe- og fylkesleiar i Møre og Romsdal for Frp, i ei pressemelding.

Han ber om at Romsdalsaksen vert greia ut som fjordkryssingsalternativ over Moldefjorden for ferjefri E39.

– Ein føresetnad for ei slik utgreiing må vere at ferjefri E39 over Moldefjorden framleis står på sin vedtekne prioritet i gjeldande NTP, og at prosjektet ikring Møreaksen ikkje vert sett på unødvendig vent. Møreaksen er uansett inne i dagens NTP i siste del av 12-årsperioden, og ein har såleis tid til ei slik tilleggsutgreiing.

Han meiner ei utgreiing av Romsdalsaksen bør gjennomførast av eit anna regiondistrikt i Statens vegvesen enn Region Midt.

– Når storsamfunnet skal bruke fleire titals milliardar kroner på slike fjordkryssingsprosjekt, er det viktig at alle relevante alternativ vert behandla med respekt og seriøsitet. Romsdalsaksen sitt alternativ har ikkje vorte tilstrekkeleg vurdert, noko som vil vere ein svært stor feil å unnlate å gjere, seier Frank Sve.