Det var eit følgje på fire frå Tyskland som var på skitur.

Ein mann vart tatt av skredet og fortel at han vart ført 200 meter nedover. Han fortel også at ikkje vart nedgraven i snøen.

– Mannen hadde skredsekk som vart utløyst, slik at mannen flaut oppå raset nedover, seier politiets innatsleiar Bård Rasmus Mork til Sunnmørsposten.

– Eg har gått på ski i 40 år og ikkje opplevd noko liknande før, seier mannen før følgjet på fire set seg i bilen og køyrer frå staden.

Politiet melde om snøskredet på Saudehornet i Ørsta rett før klokka 14.

Ifølgje varsom.no er skredfaren på Sunnmøre no betydeleg. Ifølgje varsom.no gjekk det også eit skred i Norddal tysdag, dette skredet blei meld klokka 13.37.

Redningsmannskap blei kalla ut etter snøskredet i Saudehornet. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Eit helikopter undersøkjer om det er folk knytt til raset i fjellsida. Foto: RUNE SÆBØNES/Møre Nytt
Her ser vi øvste del av skredet på Saudehornet tysdag. Foto: Svein Olav Humberset