Det kjem fram i ei fersk beredskapsanalyse for ambulansetenesta i Midt-Norge, som er utført for Helse Midt-Norge. Rapporten analyserer responstid og ressurstilgjenge fram mot år 2030, og skal vere eit verktøy for helseføretaka som har driftsansvaret for ambulansetenestene.

Endringar

Rapporten vurderer om dagens ambulansestasjonar er plassert på beste måte for å møte oppdragsmengda i framtida, og kjem med fleire konkrete endringar for å nytte ressursane på ein betre måte fram mot 2030.

  • Ambulansestasjonen i Volda vert flytta til Ørsta.

  • Geiranger vert fjerna og erstatta med ei ny løysing.

  • Stasjonen på Stranda vert flytta lenger opp i Strandadalen.

  • Ålesundområdet: Nye stasjonar ved Mauseidvåg og i Ålesund sentrum erstattar dagens stasjonar på Lerstad, Fiskarstrand og Valderøy.

Økonomi

Det som uansett synest klart er at det er – og vil vere – dyrt å dekke opp Møre og Romsdal med ein trygg ambulansestruktur.

Analysen indikerer auka kostnader for Helse Møre og Romsdal fram mot år 2030, men tala har stor usikkerheit.

Prognosane viser betydeleg vekst i ambulanseoppdrag. I rapporten heiter det at kapasiteten i byar og tettstadar vil bli så pass utfordra i 2030, at det enkelte stadar vil gå utover responstid.

I meir grisgrendte strøk vil lav oppdragsmengde gi utfordringar for å halde oppe kompetansenivået til personellet, heiter det.

Dette kartet tek utgangspunkt i ein berekna 2030-situasjon. Områda i raudt kan ikkje nåast med ambulanse innan 25 minutt. Gult er innanfor 25 minutt, og grønt innanfor 12. Foto: Helse Midt-Norge