– Hytta får namnet Jensbu, kalla opp etter min gode revyvenn Jens Rønning frå Stjørdal. Han omkom på fjellet Storskorkja i 2002, seier Terje Øvstedal og blir tjukk i halsen.

Øvstedal er for mange best kjend som sjef for den årlege Gapskrattfestivalen i Tresfjord.

Fallulykke

Men også han kan vere alvorleg. Det blir han når han skal fortelje om Jens Rønning som budde hos Øvstedal då han gjekk ut på ein fjelltur – og aldri kom heim igjen med livet i behald.

– No skal han få denne hytta kalla opp etter seg, forklarer Terje Øvstedal.

– Eg gjekk lengje og såg på fjellet Storskorkja, då eg ein dag fekk ideen om å setje opp ei hytte på toppen. Og eg ville at det skulle vere ei hytte som var open for alle turgåarar.

Akkurat som då Øvstedal føreslo å lage ein Gapskrattfestival møtte han skeptikarar som trudde dette ikkje let seg gjere.

– Men eg har lært meg å skyte bygdedyret og ete det til frukost, ler han.

Øvstedal fekk raskt ordførar Geir Inge Lien og resten av leiinga i Vestnes kommune med på ideen.

Då var det verre med dei på Fylkeshuset i Molde. Men etter å ha fått med seg to byråkratar på fjelltur, var dei også med på laget.

Med helikopter

Når hytta, som har 17 kvadrat som innvendig mål, står ferdig, skal ho demonterast og fraktast med helikopter opp på fjellet, der ho skal settast opp – 861 meter over havet.

– Storskorkja er eit fjell kanskje ikkje så mange besøker i dag. Men det er ikkje noko vanskeleg å kome seg opp. Det tek om lag to og ein halv time å gå frå parkeringsplassen – og det er ein familietur. Det er ikkje noko stor fysisk utfordring, forsikrar Øvstedal.

Ordførar Geir Inge Lien (Sp) gler seg. Han har aldri vore på dette fjellet før, men skal dit på opninga av Jensbu 4. juli i sommar.

– Hytta blir ein turistattraksjon. Det blir noko spesielt å kome opp på denne toppen, og då kunne ha denne hytta å gå inn i som ei kvilebu. Dette bør også bli eit Stikk Ut-mål, meiner Lien.

Ordføraren legg til at han forstår at enkelte har vore skeptiske til at det skal settast opp ei hytte på ein fjelltopp, men legg til at han er glad for at det let seg gjere denne gongen.

Terje Øvstedal strekar under at sjølv om det er Øvstedal grunneigarlag som skal stå som eigarar av hytta og dessutan skal ta på seg vedlikehaldet, så er hytta open for alle.

– Inne i hytta vil dei kunne setje seg ned på benkar, fyre i omnen og fjelge seg. Veden har vi allereie fått tak i.

Arnstein Leikarnes fører oppsyn med økonomien i prosjektet, som har eit lauslege kostnadsoverslag på 300.000 kroner.

Leikarnes arbeider mellom anna med å skaffe sponsorar, og så er det sett i gang ein innsamlingsaksjon.

– I tillegg til arbeidet med sjølve hytta, blir det også laga ein sti heilt opp. Dette er det Steinar Vestnes som har hovudansvaret for, legg Leikarnes til.

– Det blir heilt unikt å kome seg opp på ein slik fjelltopp. Herifrå ser ein både til Molde og til Stordalen – og heilt ut til havs, seier turentusiast Geir Tony Tomren.