Det seier Roy Lillebø, ein av fleire som står bak det nye reiarlaget Fjord Exploring. Akkurat som den no nydøypte gamleferja «Slogen», får også reiarlaget bak ho base på Sæbø ved Hjørundfjorden. Omtrent rett tvers av ikonfjellet Slogen (1.564 m).

Slogen og Hjørundfjord

Då skyssbåtførar Oddvar Olsen for om lag eit tiår sidan kjøpte skyssbåt, fekk båten namnet «Hjørundfjord». Seinare opplevde han at Fjord1 knabba namnet – og sette det på ei av sine nye ferjer i sambandet Festøya–Solavågen.

– Ein kimsar ikkje med merkevare som Hjørundfjorden og Slogen. Men sistnemnde namnvonar eg vi får ha i fred, seier Oddvar Olsen.

Han tapte siste skyssanbodet for kommunen og fylkeskommunen, men satsar altså no alternativt.

Fjorden og naturen

– Ja, her trur eg vi har funne ein nisje det verkeleg kan svinge av, seier Olsen. Siktar han då til skituristar som skal svinge seg ned stupbratte fjellsider mot Hjørundfjorden?

– Ja, skiturisme vert ein stor del av satsinga vår. Men det store målet er å få til heilårsdrift av båten. Det skal vi få til ved å tilby litt av kvart, basert på fjord og natur, seier Olsen.

Slingring i badestampen

Det går no føre seg kontinuerleg arbeid om bord. Ein målar har akkurat fullført total dørkoppretting på bakre midtre dekk. Her skal det bli innandørs salong, etter tidlegare å ha vore bildekk. Oppe i det fri på øvre dekk er heile bakre delen rydda og reinska, som eit dansegolv. I framkant er rigga og tjora ein stor badestamp. Heldigvis er ikkje Hjørundfjorden kjend for mykje sjøgang og stor slingring. I så fall måtte nok badegjestene på øvre dekk hatt setebelte ... Men eksklusivt nok – det blir det nok.

Kan fungere som minihotell

Roy Lillebø tek ombyggingsarbeidet seriøst. Han fryktar ikkje å misse badegjester ved naturleg utskyting frå stamp.

– Nei, alt om bord skal vere sertifisert, trygt og godkjent. Men at her vert mange spennande tilbod, det kan eg love. Lillebø syner dekket rett under brua, der det skal verte bar med høge stolar. Heller ikkje dette eit farleg tilbod, forsikrar han ...

– Etter kvart som vi får køyrt oss inn og får prøvd ut båten skikkeleg, kjem vi til å gjere det vi kan for å få til heilårs drift.

– Med 21 køyeplassar har vi mellom anna alle høve til å gå mellom hotella i regionen her, og ta unna gjester i dei tilfella dei har fullt, seier han.

Lovande respons–stor støtte

Lillebø fortel at reiarlaget har støtta seg ein god del til ein masterplan for turisme som nyleg vart utarbeidd for Hjørundfjorden.

– Vi har fått svært god støtte og oppbakking både frå Ørsta kommune og frå Ørsta næringskontor undervegs.

– Ikkje minst har vi fått god og lovande respons frå dei andre aktørane som driv med turisme i området, seier Roy Lillebø. Han vil ikkje ut med kva båtkjøpet og prosjektet har kosta – så langt. – Vi fekk ikkje napp med vår lokale bank. Derimot fekk vi Sparebanken Møre og Innovasjon Norge med på seglasen – då skal vi greie oss, lovar Lillebø.

Av det som har kosta mest var eit verkstadopphald på Raudeberg for å få skroget utbetra, sertifisert og godkjent av Sjøfartsdirektoratet. Ferja er 1959 modell og har gått mest i Sogn.