Bilistar køyrde forbi ulykke og gjennom sperringar:

Lensmannskontoret: – Alle har plikt til å stoppe

Fleire køyrde forbi ulykka på fv. 60 søndag ettermiddag utan å stoppe, skriv Sykkylven lensmannskontor i ei melding på Facebook no i kveld.

Sykkylven lensmannskontor skriv på Facebook at det var fleire som køyrde gjennom sperringane i samband med ulukka søndag.  Foto: Inger Otterlei

Nyheter

(Sunnmøringen) Dei ønskjer å minne om at alle har plikt til å hjelpe når nokon er involvert i ei ulykke eller er i nød.

– Alle har plikt til å stoppe. Varsle politiet, yte førstehjelp, og bli verande til vi er på staden. Dette er ikkje noko ein kan velje om ein vil, fordi ein skal «rekke noko» eller fordi det er skummelt, skriv lensmannskontoret.

Les også: Tre bilar i trafikkulukke i Sykkylven

– Ein annan ting vi ser er at det er fleire som køyrer gjennom sperringane. Vi hadde fleire bilar som køyrde gjennom skadestaden, og som ikkje følgde tilvisingane frå politi eller brannvesen. Dette er både farleg og straffbart. Du veit ikkje om det ligg ein person på vegen og får førstehjelp eller ikkje. Vi er også ute på jobb, og det kan oppstå farlege situasjonar for politibetjentar, eller for mannskap frå brann og helse.

– Derfor: Om du er første bil på staden etter ei ulykke, stopp og hjelp. Det er ikkje lov å velje noko anna. Dersom du køyrer forbi ei ulykke, så følg tilvisingar og køyr sakte, skriv lensmannskontoret, som avslutningsvis oppfordrar alle til å ta vare på kvarandre.

Denne saka vart først publisert av avisa Sunnmøringen.

Det gikk nesten ille i Skarbøvika onsdag:

Holdt på å drukne - hevder passerende båter kunne ha hjulpet han

Kim Jimson var helt tom for krefter da han ble reddet opp av vannet.