Ferja som til vanleg går i sambandet Årvika-Koparnes over Rovdefjorden, skal på årleg verkstadopphald. Difor skal ruta seglast med reservefartøyet «Ølen» frå måndag ettermiddag. Medan hovudferja er vekke, vil det vere redusert kapasitet på sambandet, melder reiarlaget Norled på sine heimesider.