I snart 50 år har det vore jobba med ulike metodar for å krysse Rovdefjorden for å knytte saman Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Ein ny rapport gir ein oversikt over kvar Rovdefjordsambandet står og peikar ut vegen vidare.

Eit anslag tyder på at fjordkryssinga vil koste kring 3,7 milliardar kroner – noko som er kring 17 prosent lågare enn det som er antyda tidlegare, ifølgje rapporten.

Flytebru i stål

I rapporten som før helga vart overlevert til fylkeskommunen, blir det teke til orde for at fjorden bør kryssast med ein flytebru på pongtongar, kombinert med ei røyrbru under vatn. I arbeidet har dei fått hjelp frå Kleven til å finne ut korleis ein kan nytte robotteknologi til å lage ei brukasse bygd opp av stålplater, framfor betong.

Kleven har jobba saman med eitt rådgjevingsselskap og NTNU i Ålesund og kome fram til at ein på denne måten kan spare kring 100 millionar kroner.

Samstundes har kostnadene for overgangen mellom flytebrua og ein kulvert på Saudeholmen auka med kring 200 millionar samanlikna med anslag frå 2014.

(saka held fram under)

Kleven er avventande

Sunnmørsposten har tidlegare omtala at brubygging kan vere mellom nye forretningsområder for verftsindustrien. Men innkjøps- og produksjonsdirektør Tore Roppen i Kleven er avmålt til moglegheitene skipsbyggjarane i Ulsteinvik vil ha til å kaste seg på slik produksjon med det første.

– Vi har ei moderne produksjonslinje og den teknologien kan nyttast til å byggje bruer. Men per i dag har vi ingen planar om å drive med andre aktivitetar enn vi gjer.  Vår jobb har vore å sjå på design og korleis ein kan byggje brua mest mogleg optimalt – med moderne metodar, seier Roppen til Sunnmørsposten.

Kleven gjekk inn i prosjektet for kring to og eit halvt år sidan, då marknaden for verfta var langt tyngre enn i dag, og fekk støtte til eit forskingsprosjekt om dette. Det arbeidet er no i ferd med å bli avslutta, ifølgje Roppen.

(saka held fram under)

Bompengar

Rovdefjordsambandet skal vere sjølvfinansierande, i den forstand at det ikkje skal belaste allereie knappe fylkeskommunale budsjett. Det betyr i hovudsak bompengar, men også ein del ferjeavløysingsmidlar.

Dagens ferjetilbod er tilfredsstillande, men auke i trafikken på fylkesveg 61 og planar om kystveg mellom Ålesund og Bergen, gir behov for å tenke på eit fast vegsamband, heiter det i oppsummeringa i rapporten.