(Vikebladet): Det 160 meter lange skipet med ein kapasitet på 2.000 passasjerar og 500 bilar blir verdas største plug-in hybridskip og skal etter planen setjast inn i trafikk sommaren 2019. Color Line opplyser i ei pressemelding om at totalinvesteringa er på over éin milliard kroner.

Som éin av tre viktige milepålar i eit skipsbyggingsprosjekt, der dei andre er lansering og når skipet blir sett i trafikk, blei kjølstrekkseremonien for det enorme skipet heldt ved Crist skipsverft i Polen måndag.

Om ein ser på det historiske aspektet kring ein såkalla kjølstrekkseremoni, føregjekk den før i tida då ein var klar med den sentrale delen på skipet, kjølen. I dag blir byggestart på eit skip markert ved at ein plasserer den fyrste av fleire seksjonar, også kalla for blokker, i tørrdokk. Plug-in hybridskipet Ulstein Verft skal ferdigstille for Color Line består av heile fjorten seksjonar, som skal sveisast saman. Seksjon éin veg åleine 750 tonn!

Tradisjonen tru blir det plassert lykkemyntar under kjølen i høve kjølstrekken. Når skipet skal i drift kan ein anten sveise myntane fast i stålet eller ramme dei inn om bord i skipet.

Grønare skipsfart

Til stades under kjølstrekken var blant andre konsernsjegen i Color Line, Trond Kleivdal.

– Hybrid-teknologien og andre miljøløysingar om bord i Color Hybrid vil bidra til å redusere støy og utslepp av miljøskadelege gassar til eit minimum.

Også konserndirektøren i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, uttalte seg i høve kjølstrekken.

– Ulstein Verft legg stor vekt på å utvikle grønare, sikrare og smartare løysingar. Vi er svært glade for det gode samarbeidet med Color Line og at vi har nådd denne viktige milepålen for Color Hybrid. Neste viktige milepål er når skroget kjem til Ulstein Verft i oktober, seier Ulstein.

Eit landstraumanlegg i Sandefjord vil bli brukt til lading av batteria om bord på Color Hybrid. Det nye skipet blir bygd til Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og vil få norsk bemanning.

Denne saka vart først publisert i Vikebladet