– Eg er fornøgd, eg må si det sjølv om vi spelte dårleg i forsvar og godt i angrep i 1. omgang. Medan det var dårleg angrepsspel og eit godt forsvar i 2. omgang. Eg var veldig nervøs før kampen, men roleg etter kvart som vi kom i gang. Eg følte at vi hadde full kontroll i denne kampen. Det er ikkje noko negativt å seie etter at vi vinn med 15 mål samanlagt, sa Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson til Sunnmørsposten etter kampslutt.

Og Volda-trenaren har rett, laget hadde full kontroll også i den andre kampen i kvalifiseringa for opprykk til 1. divisjon onsdag sjølv om dei rota det til ved nokre høve.

Vann med fem mål

27–22 vann Volda i går under kampen i Sandslihallen. Dermed gjekk dei gjennom sesongen utan tap; 22 strake sigrar i serien og altså 31–21 og 27–22 mot Gneist i kvalifiseringa. Utklassing samanlagt; 58–43.

– Vi gjorde mange tekniske feil i starten, men etter kvart gjekk det betre. Eg var aldri bekymra, sa Volda-kaptein Kine Kvalsund.

Gneist leia 2–0 i starten, takka vere tre tekniske feil av gjestane. Men så fekk Thea Sturludottir skikk på skota sine og islendingen vart kåra til Volda sin beste spelar i kampen.

Gneist prøvde seg med «frimerke» på sentrale Marte Nornes, som spelte særs godt i laga sitt fyrste møte i Voldahallen søndag. Men Volda-laget har mange strengar å spele på; Sturludottir og unge Hanne Ræstad tok ansvar, og Volda gjekk til pause med 16-14-leiing.

Alt var ikkje fryd og gammen i Volda-leiren sidan det vart ein del tekniske feil, men Gneist var rett og slett ikkje gode nok lag til å presse gjestane.

God kamp av Ræstad

Då gode Hanne Ræstad sette inn 26–22 etter 26.30 i 2. omgang, vart kampen avgjort. Gneist var aldri nærare enn to mål etter pause (15-17 og 22-24).

Nå kan Volda sjå fram til eit nytt forsøk i 1. divisjon. Dei førre forsøka har enda med kjapp retur til 2. divisjon. – Målet vårt vert sjølvsagt å halde seg oppe denne gongen. Men vi har ikkje store planar om å satse hardt. Vi har ein strategi om å satse nedanfrå, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.

Toppskårarar for Volda i går: Thea Sturludottir 6, Hanne Ræstad 5, Marte Nornes 4, Maria Ulla 4.

best: Thea Sturludottir var best på Volda og toppskårar med seks mål. FOTO: JARLE MORDAL Foto: Jarle Mordal