Fødeavdelinga i Volda inntok nemleg andreplassen om ein legg fødetala i 2017 til grunn.

Avdelinga i Volda handterte 509 fødslar i 2017, fekk styret vite på omvisinga i forkant av styremøtet onsdag. Volda gjekk med det forbi talet på fødslar i Molde. Av desse 509 fødslane var 74 mødre heimehøyrande i Nordfjord.

Kvivsvegen og nedlegginga av fødetilbodet på Nordfjordeid har ført mange nordfjordkvinner mot Volda når dei skal føde.

– Vi ser også at vi har ein auke av fødande frå Hellesylt og Stranda, fortel konstituert seksjonsleiar Gunvor Bergem Lia til Sunnmørsposten.

Fødande frå Stranda og Hellesylt har med Kvivsvegen fått eit ferjefritt alternativ til Ålesund.

– Vi er etter måten ei lita fødeavdeling, men vi kan syne til veldig gode kvalitetstal, seier Lia.

Ho viser mellom anna til at avdelinga i Volda har lågast prosentandel keisarsnitt i fylket, og Volda-avdelinga er også den som nyttar minst epidural i fylket.