Ni samferdselsprosjekt på Nordvestlandet vart presentert på The North West-konferansen i dag.

Sjå alle vegprosekta i 360: Her kan bla deg igjennom 360-presentasjon av alle prosjekta, med unntak av Stad skipstunnel. (Ekstern nettside.)

– Veldig mykje av løysinga for regionen ligg nord-sør. Vi tenker mykje aust-vest i dag, og det er viktig. Men for å etablere attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar, må vi også knyte saman regionen nord-sør, seier Kjell Sandli, som er dagleg leiar for Hamnsundsambandet og Hafast.

– Vi vil gjere regionen så sterk at folk sine bustader blir ei sikker investering. Vi tenker at det ikkje skal vere nødvendig å flytte sjølv om ein byter jobb på Nordvestlandet, eller om ein mister jobben, seier Sandli vidare.

Nordøyvegen og Stad skipstunnel er vedtatt i Stortinget. Dei andre sju prosjekta som er under planlegging er:

  • Hamnsundsambandet: Ellingsøy – Hamnsund, knyter saman Ålesund og Haram.

  • Borgundfjordtunnelen: Knyter saman Ålesund og Sula.

  • Hafast: Knyter saman Sula og Hareidlandet.

  • Storfjordsambandet: Tunnel frå Digerneset, bru over Storfjorden til Sykkylven, og tunnel gjennom Strandafjellet.

  • Møreaksen: Fjordkryssing Vestnes – Midsund – Molde.

  • Brosundtunnelen: Ysteneset – Skutvika i Ålesund.

  • Bybane i Ålesund

Mest usikre er kostnadene for Hafast og Storfjordsambandet. Når vi summerer opp, endar vi heilt sikkert på over 50 milliardar kroner.

Skjermbilde Sjå alle presentasjonane ved å klikke på lenka i teksten over. Her ser du eit skjermbilde av 360-presentasjonen av Hamnsundsambandet. Foto: Arild Solberg/360 AirCam

Status for dei ulike prosjekta vart presentert på North West-konferansen i dag.

Flest tilhøyrarar var det då Knut Flakk snakka om Brosundtunnelen. 22. mars vedtok eit samrøystes bystyre i Ålesund at Brosundtunnelen skal vere med i fase 1 av den såkalla bypakken. Brosundtunnelen er tenkt å gå mellom Ysteneset og Skutvika. Kalkylane varierer mellom 600 mill. og 1 mrd. kroner.

– Det er viktig å få klarlagt dei tekniske løysningane, særleg kryssløysninga ved tunnelinnslaget på Ysteneset. Også grunnforholda under Brosundet må avklarast. Då er det mykje enklare å fastsetje endeleg pris, seier Knut Flakk.

Hamnsundsambandet mellom Ålesund og Haram vil gjere at vi får ut maks ut av investeringane i Nordøyvegen, seier dagleg leiar Kjell Sandli.

I staden for å køyre rundt fjorden, planlegg dei tunnel mellom Ellingsøya og Hamnsund. Dette vil korte ned reisetida med ein halvtime.

– Kostnadene vil bli 1,8 milliardar kroner, pluss/minus 25 prosent, dersom vi sløyfar veg til Store Kalvøy, seier Sandli.

Forslag til kommunedelplan har vore ute til første gongs høyring og er nesten ferdig. Arbeidet med reguleringsplan blir truleg neste etappe.

Borgundfjordtunnelen og Veddemarkstunnelen er eit privat prosjekt som er tenkt 100 prosent finansiert av bilistane. Kvalitetssikring KS1 er gjennomført av Terramar og Oslo Economics, på oppdrag frå Finansdepartementet.

– Eg vil anslå kostnadene til to milliardar kroner, men dette blir mykje klarare når reguleringsplanen er godkjend av Sula og Ålesund. Dette kan vere på plass kanskje i løpet av eit år, seier Hans-Peter Kaaresen.

For Hafast – bru mellom Sula og Hareidlandet – er det ikkje bestemt kvar brua skal gå eller kva type bru det skal satsast på.

– Konseptstudiet pågår fram til 2020. Vi er i gang med veldig detaljerte grunnundersøkingar og målingar av vind, bølger og straum. Det skal kunne vere mogleg med oppstart i 2023, eller når finansieringa er på plass, seier dagleg leiar Kjell Sandli.

20 milliardar kroner kan vere ei kvalifisert gjetning for Hafast med tilførselsvegar, utan at Sandli vil gå god for akkurat dette talet.

Prosjektet Storfjordsambandet strekker seg frå Stranda i sør til Digernesskiftet i nord.

– Tunnel gjennom Strandafjellet er det vi har kome lengst med. Dette er no ute på høyring. Neste steg er å gå til fylkeskommunen og få ei behandling der, seier Kari Grindvik.

For bru mellom Sykkylven og Skodje er det ikkje tatt stilling til brukonstruksjon. Kostnadene varierer mellom fire og ti milliardar kroner, opplyser Grindvik. Ein tunnel mellom Glomset og Digernesskiftet er berekna til i overkant av ein milliard.

Møreaksen, fjordkryssinga mellom Vestnes og Molde, er berekna til 14 milliardar kroner. Møreaksen vart lagt inn i Nasjonal Transportplan (NTP) i fjor.

– Ordinær bompengesøknad og KS2 er viktig å få i perioden 2019-21 for å få same framdrift som Hordfast, seier Harald Espeland.

For Bybanen i Ålesund har Norsk Bane ikkje konkludert med trasé. Banen er tenkt å gå mellom Ålesund sentrum og Moa. Bana er berekna å koste mellom 3,4 og 5,2 mrd. kroner.

–Trasevalet vil vere avgjerande for vidare planarbeid, seier Jørg Westermann.

Stad skipstunnel: Investeringsbeslutning er venta i Stortinget hausten 2018. Byggestart er i 2021 i Kystverket sitt handlingsprogram, opplyser Randi Humborstad. Dette er verdas første skipstunnel. Kostnad: 2,7 mrd. kroner.

Nordøyvegen: Brakkeriggen er no på plass på Gamlem. Alle påhogga til tunnelane er bortimot klare bortsett frå på Hestholmen. Entreprenørane sine tilbod på den store kontrakten kjem innan 7. mai. Målet til Vegvesenet er eit tildelingsbrev til entreprenør i løpet av juni. Totalkostnad: 3,5 mrd. kroner.