Dette er ein av teoriane som Statens vegvesen la fram under synfaringa til ulukkesstaden torsdag.

Sunnmøre tingrett var torsdag formiddag på synfaring i Tynesstranda i Sykkylven for å sjå staden der ein ung mann mista livet natt til 6. mai i fjor.

174 meter med spor

Statens vegvesen gjekk gjennom alt dei fann av spor på ulukkesstaden.

Frå første sporet, som er eit bremsespor, til der sykkelen låg, er det 174 meter. Retten fekk også sjå fleire punkt som er sentrale i vurderinga av kva som har skjedd og kor fort motorsykkelen har køyrt.

Eksempel på dette er kvar ein har funne sko, skolisser og merke etter der styret har vore nedi.Men det er fleire usikre forhold. Blant anna er ein usikre på kvar motorsykkelen har velta. Og det er også dette som gjer at dei to frå vegvesenet har to ulike svar på kor fort motorsykkelen køyrde før ulukka.

Dei er ikkje ueininge, men har altså to ulike teoriar.

Usikkert kvar MC-en velta

I det som blir kalla scenario 1 har sykkelen velta før og sklir lenger enn i scenario 2. Utrekninga for scenario 1 konkluderer med at farten har vore mellom 144 og 145 km/t.I scenario 2 er det lagt til grunn at sykkelen har velta noko seinare og ein har berekna farten til mellom 125 og 126 km/t.

Det er sistnemnde scenario påtalemakta har lagt til grunn i tiltalen mot MC-føraren.Erik Aanerud, som er rådgjevar i Rekon og engasjert av tiltalte i denne saka, er usamd med dei to i vegvesenet, men også han meiner at farten var høg.

Konklusjonen hans er at motorsykkelen køyrde i minst 113 km/t. På synfaringa viste han også korleis han la inn reaksjonstid og kva tid han meiner MC-en begynte å bremse.Rettssaka blir avslutta med prosedyrar i Sunnmøre tingrett i Ålesund torsdag ettermiddag.

Sakkyndig Erik Aanerud fra Recon. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD
Synfaring på åstaden. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD