Operasjonssentralen til Møre og Romsdal politidistrikt melder at det har skjedd ei trafikkulykke mellom to bilar.

– To personar skal vere involvert. Dei ser ikkje ut til å vere fysisk skadd, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten.

Ulykka skjedde i 80-sona i Strandgata mot Hjørungavågvegen, ved overgang mot Raffelneset, opplyser politiet. Kollisjonsputer på begge bilar vart utløyst som følgje av smellen.