Hødd har bak seg seriesiger 3-0 borte mot Stjørdals-Blink og 1-0 siger mot Volda i cupen, medan Brattvåg vann 2-1 borte mot Vard i seriepremieren og fylgde opp med flotte 4-1 borte mot Herd i cupen.

Laurdag er Hødd vertskap for Vard Haugesund, som altså opna med tap mot Brattvåg. Og Vard tapte også på straffekonkurranse mot Sotra i cupen onsdag.

Naglestad

– Nykomar Markus Naglestad scora mot Blink, men trefte ikkje mot Volda?

– Markus er målfarleg, og skaut mykje mot Volda utan å treffe. Men det er greitt, eg ynskjer at våre spissar skal prøve skotfoten meir enn det som har vorte vanleg no, meiner Eid.

I fjor stod Hødd med to poeng etter to kampar, i år kan det verte seks poeng.

– Det hadde vore veldig kjekt om vi kunne ha vunne også mot Vard. Det er opp til oss sjølve, og eg har tru på ein ny god prestasjon no, seier trenaren.

– KFUM er gode

– KFUM er sterke, med ei spesielt sterk sentralline. Med tidlegare Stabæk-spelar Jørgen Hammer som stoppar, med Stian Sortevik (også han ex. Stabæk) på sentral midtbane og den fysisk sterke Moses Mawa på topp. Mawa scora to mot Vidar, og han må vi passe på, seier Fjørtoft.

Som var særs nøgd med cupkampen mot Herd onsdag.

– Då var vi solide, og no er også Emil Dahle og Torbjørn Grytten høgaktuelle for å starte for oss. Det er sjølvsagt ein klar fordel for oss. Vi har fått ein god sesongstart, og skal sjølvsagt satse på at den gode starten vår held fram også søndag, seier han.

Markus Naglestad fyrte av titt og ofte mot Volda, men utan resultat. Trenar Sindre Eid set pris på at Hødd-spissane fyrer av så ofte som mogleg. Foto: Svein Olav Humberset