I kategorien «Beste nyheitssak» var det Sofie Svanes Flem, Torbjørn Eidhammer, Mona Skjong og Hilde Hovik i Sunnmørsposten som fekk prisen, for sakene dei produserte kring Bingsa-skandalen. Svanes Flem og Eidhammer vann også prisen for beste nyheitssak i 2017 for saka «Millionene du ikke fikk vite om», då saman med kollega Liv Jorunn Håker Ottesen.

Utdrag frå juryen si grunngjeving:

- Sjølv om ikkje journalistane har avdekt sjølve saka, har dei gripe fatt i eit større sakskompleks, og gått særs djupt og grundig til verks, med god dokumentasjon heile vegen. Særleg har vi merka oss bruk av offentlegheitslova. Det er imponerande korleis journalistane har klora seg fast i saka, og ikkje utan vidare har godteke avslag på innsyn. I tillegg har journalistane stått ovanfor krevjande etiske val undervegs. Dei har møtt klare utfordringar med å balansere private omsyn mot samfunnsinteresser (dilemmaet: pressa som avslører/pressa som overgripar). Dei konkrete konsekvensane som saka har ført til, talar for seg sjølv: Ein kommunal einingsleiar i Ålesund har gått av, regelverk i Ålesund kommune har blitt endra, felling i KOFA, klagenemnd for offentlige anskaffelser, med meir.

Juryen er imponert over den grundige jobben journalistane har gjort.

Heiderleg omtale til Romsdals Budstikke

Marit Heiene og Anita Vingen i Romsdals Budstikke fekk heiderleg omtale for «Klima-serien», ei sak der journalistane ifølgje juryen nyttar ein litt annleis gravande journalistikk og langsiktig prosjekt enn det ein kanskje er vant med, og ein type stoff som får mindre merksemd enn dei klassiske avsløringane.

Romsdals Budstikke si sak «Den indre kampen» om psykisk helse blant fotballspelarar, forfatta av Pernille Huseby og Bjørn Brunvoll, gjekk av med sigeren i kategorien «Beste Featuresak».

Fotoprisen gjekk i år til journalist Joachim Åsebø i Møre-Nytt, for hans sterke fotografi «Motbakkespesialisten». Juryen meiner at dette fotografiet har ei sterk visuell kraft, og at det trekkjer ein rett inn i den luftige opplevinga av å skode ut over fjell og fjord frå bratt høgde.

Imponert

Juryformann Magnar Fjørtoft fortel at juryen var imponert over kvaliteten på dei innleverte arbeida, og den store arbeidsinnsatsen som ligg bak mange av sakene.

- Media syner seg samfunnsansvarlege, og dei er på hogget! Kan lokal og regional journalistikk halde eit slikt nivå, både i seriøsitet, aktualitet, språkføring, bruk av foto, og i presentasjon, vil det òg i framtida verte hardt for juryen å plukke ut ein klar vinnar! seier Fjørtoft.