Måndag vart det sett i gong ein full redningsaksjon ved Totland i Vågsøy, etter melding om ein båt som hadde velta og at ein person skulle ha hamna i sjøen.

Det var vitne på land som melde frå om ein båt som låg kantra med kjølen opp i fjorden utanfor Totland.

Politiet fekk melding om observasjonen cirka klokka 15.20, og sette umiddelbart i gong ein leiteaksjon, skriv operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Cirka klokka 15.55 blei mannen lokalisert i sjøen av redningshelikopteret. Han blei heist om bord og frakta til sjukehus. Mannen var medvitslaus då han blei funnen, og ein gjorde forsøk på gjenoppliving, men livet stod dessverre ikkje til å redde, skriv operasjonsleiaren.

Dei pårørande er varsla av politiet.

Stor redningsaksjon

Redningsleiar Børge Galta ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, opplyste tidlegare måndag at dei fekk melding om båten klokka 15.15.

– Det blei sett i gong full aksjon, der luftambulanse, redningshelikopter, redningsskøyta, politi og brannvesen, pluss eit par private båtar som melde seg, hjelpte til med søk i området, sa Galta til Sunnmørsposten.

– Det gjekk cirka ein halvtime frå vi fekk meldinga til mannen blei redda av redningshelikopteret. Mannen hadde redningsvest på seg, og takka vere denne fann helikopteret han umiddelbart då dei kom til staden, sa Galta.

Det er ikkje nokon grunn til å tru at fleire personar er sakna, ifølgje politiet.

Godt kjend

Lensmann i Vågsøy, Nils Bakke opplyser til Fjordenes Tidende at båten er teken på land og blir undersøkt av politiet.

– Den har ikkje skade og det var ikkje tau på propellen. Det er altså ikkje noko som kan forklare kva som har skjedd. Det har heller ikkje meldt seg vitne som har sett at båten har kantra og at mannen har ramla i sjøen. Såleis tyder alt på at det er eit tragisk uhell, seier Bakke til Fjordens Tidende.

Ifølgje avisa var mannen ein erfaren fritidsfiskar som var godt kjend i området.