Det opplyser selskapet i ei pressemelding. Årsaka er at Jets på Hareid har ny rekord i omsetnad og resultat for 2017.

– Vi har etablerte retningslinjer for kva som skal til for å betale ut bonus, og desse retningslinjene har alle tilsette tilgong til. Difor har det vel vore mistenkt at dette kunne bli aktuelt, blant dei som har kika på tala for fjerde kvartal. No er eg svært glad for å stadfeste at det faktisk vert bonus, og for at vi kan gi alle som bidrog til rekordresultatet ein ekstra takk på lønnslippen for mai, seier konsernsjef Øyvind Tørlen i pressemeldinga.

Jets har sidan slutten av 80-talet levert løysingar for vakuumbasert sanitærteknologi.

Bjørnar Røyset, tillitsvald for Fellesforbundet, meiner det er fleire grunnar til å vere glad for bonusen.

– Det beste med bonusen er i grunn at den er eit tydeleg og godt bevis på at bedrifta går veldig godt, og at arbeidsplassane våre dermed er sikre. Det er minst like viktig som at det kjem litt ekstra pengar på konto, sjølv om det og naturleg nok er veldig kjekt. Ting tyder på at vi skal halde fram med å vekse, og det ser lyst ut for Jets framover. Då er det flott å få ei slik stadfesting på at det vi gjer her på Hareid kvar dag er med på å skape gode økonomiske resultat, seier Røyset.

Jets-konsernet har i dag halvparten av verdsmarknaden innanfor vakuumbaserte sanitærsystem til skip. Konsernet har hovudkontor på Hareid og meir enn 100 tilsette.

Av årsomsetninga på over 400 millionar, er eksportandelen på over 80 prosent, opplyser selskapet.