Sunnmørsposten har sett på fleire variablar for barnevern i 25 kommunar på Nordvestlandet. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei aller fleste variablane viser at Vanylven brukar mykje pengar på barnevern, samanlikna med andre kommunar i distriktet.

– Det har litt å seie at vi er små, men vi har også nokre barn som krev mykje oppfølging og då følgjer det utgifter med, seier kommunalsjef Arnhild Nordaune i Vanylven kommune.

Færre i fosterheim

Høge utgifter handlar også om lang reiseveg til og frå Vanylven, ifølgje Nordaune. For tilsyn i fosterheimar går det mykje tid til reising, både til Ålesund og lenger, og dette har også ein kostnad.

Vanylven kommune ligg forholdsvis høgt på oversikta over barn som er plassert i fosterheim. 2,9 prosent av barna i kommunen er plassert i fosterheim, ifølgje oversikta til SSB.

– Men talet på barn i fosterheim har gått ned, og er fallande, seier Nordaune.

Til samanlikning er 1,9 prosent av barna i Ålesund i fosterheim, medan tilsvarande tal for Eid er 2,5 prosent, Volda 2,3, Vestnes 2,2 og Ørsta 2,0. Dei andre kommunane har under to prosent. Kvifor Vanylven ligg over, blir berre synsing, seier Nordaune

Ho meiner det blir gjort ein god jobb i barnevernet i Vanylven og ein prøver å setje inn nok tiltak.

– Vi har prøvd å jobbe førebyggande og tverrfagleg. Det er viktig å sette inn tidlege tiltak. Dette har vore prioritert, seier Nordaune og minner om den generelle satsinga som Vanylven kommune har på barn og unge. Dette viser også igjen i barnevernet.

Oversikta frå SSB viser at driftsutgiftene per barn med tiltak i Vanylven er langt meir enn dobla på fire år.

– Dette har å gjere med at vi jobbar førebyggjande og set inn tiltak for å hjelpe. Det er både billigare og meir rett å hjelpe i heimane.

Oversikta tyder også på at Vanylven kommune har ei forholdsvis dyr barnevernsteneste. Mange kommunar er i interkommunalt samarbeid om barnevern, men Vanylven står åleine. Nordaune ser at barnevernet får nye oppgåver, og ho meiner at det er nødvendig med meir samarbeid med andre kommunar.

– Vi er i dialog med nabokommunar med tanke på ei meir robust og mindre sårbar teneste, seier ho.

Ser mot Sande og Herøy

Siste månadene har Vanylven snakka med Sande og Herøy for å få til eit alternativ til kommunesamanslåing. Ein ser på om det er mogleg å opprette det ein kallar eit blokkommune-samarbeid. Barnevernet er eitt av områda det er aktuelt å samarbeide om.

– Vi ønskjer å gjere tenesta mindre sårbar, men samtidig behalde tilgjenge, seier Nordaune.

Interkommunale samarbeid i kommuneblokker er no eit alternativ for kommunar som ikkje er i samanslåingsprosess, skreiv rådmann i Vanylven, Andreas Chr. Nørve, i ein kronikk i Kommunal Rapport nyleg.

Han trur det er mogleg å samle interkommunale samarbeid innanfor geografisk avgrensa kommuneblokker, samt få politisk styring av slike samarbeid.

Arnhild Nordaune er kommunalsjef for helse og omsorg i Vanylven kommune. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard Foto: Anne-Mari Tomasgard