Entrepenørselskapet i Volda har 63 tilsette og omsette sist år for 129 millionar kroner. Dei har mellom annen stått for ein stor del av bygginga av den nye vegen mellom Olden og Innvik. Prosjektering, graving, muring og sprenging er nokre av tenestene selskapet leverer.

Bedrifta har utmerka seg med fokus på miljø, stort inntak av lærlingar og med ei uttalt vilje til å gi støtte til lokale lag og organisasjoner.

- Utover det å vere ein tradisjonell entrepenør har bedrifta vist store evner til å fornye seg og ta eit viktig samfunnsvar, peika leiar i næringsutvalget i fylket, Runar Vestheim, på i si grunngjeving for prisen.

Jon Grebstad seier det har vore viktig for dei å tilby arbeid til ungdom som har slite med det teoretiske på skulen.

- Vi har hatt mange lærlingar som kanskje har gått litt for seg sjølv og som ikkje har funne seg heilt til rette på skulen. Å tilby dei praktiske arbeid har vi veldig gode erfaringar med, seier Grebstad.

Som følgje av denne haldninga til lærlingar vart Volda Maskin i 2017 kåra til årets lærebedrift av Arctic Entrepreneur, i konkurranse med over 2000 andre entrepenørselskap.