Men Edgar Ove Sandanger meiner Sunsea AS framleis kan kome seg på beina igjen. Planen hans er ny drift på Moltustranda frå mai av.

Konkursopning

23. april opna Søre Sunnmøre tingrett konkurs i Sunsea AS. Det er Hafslund Tellier som har kravd selskapet konkurs. Kravet som ligg til grunn er på cirka 1,6 millionar kroner.

– Det har vore kontakt mellom partane, utan at dei har kome til einigheit om betaling, seier bustyrar Thore Heggen.

«Det er ikkje grunn til å anta at skyldnaren kan gjere opp gjelda med eigne inntekter eller eigendelar, eller at betalingsproblema er midlertidige», skriv retten. Skiftesamling for konkursen er sett til 7. juni.

Fire kreditorar har også levert konkurskrav til salsselskapet Sunsea Seafood AS med uteståande krav på 18 millionar kroner. Her nekta tingretten nyleg å opne konkurs.

Sandanger forklarer situasjonen med ein kombinasjon av store investeringar samstundes som lakseprisane «for til himmels».

– I fjor hadde vi ein god posisjon første halvår, men så får vi ei sak med Mattilsynet som stenger drifta i fire månader. Det er krevjande, seier han.

– Her har vi saksøkt eit dansk selskap som leverte fisken. Dei har avvist kravet, og så må vi prøve å kome fram til ei løysing, seier han.

– Svært beklageleg

– Det er svært beklageleg at vi ikkje har klart å finne ei løysing enno. Vi hadde skissert ei løysing, og vi håper framleis vi kan få gjennomført den.

Sandanger meiner det ligg store verdiar i selskapet og moglegheiter for å bygge opp eigekapitalen. Mellom anna er det skissert moglegheiter for å selje unna den pelagiske fabrikken, eigedom og eigendelar.

– Det er dialog mellom selskapet, styret og investorar for å finne ei løysing. Vi har med oss mange som vil redde bedrifta, seier han.

Sandanger trur det framleis er mogleg å gjennomføre tvangsakkord sjølv om det er opna konkurs i Sunsea AS.

– Tilsette vil bidra

Dei tilsette har vore permitterte sidan januar. Mange har vore tilsett sidan 2008-2009, seier Sandanger.

– Dei er villige til å inngå avtale om nedbetaling av uteståande løn og bidra med lån på inntil fem prosent av løna, som skal utbetalast på gitte vilkår. Alle forsøker å bidra for å redde arbeidsplassane.