(Møre-Nytt:) – Viss det er nokon stad i Ørsta sentrum som toler ein slik bygningsmasse, er det nettopp på Mørebiltomta. Difor er det i forslaget til områdeplan for Ørsta sentrum lagt opp til at dette vert godteke.

Svært høg utnyttingsgrad

Det seier leiar for planavdelinga, Gunnar Wangen.

Han peikar på at utnyttingsgraden vert svært høg, og at forslaget frå utbyggjarane har kome fram etter ein arkitektkonkurranse.

94 leilegheiter

Sist sommar lanserte dei planane for kva som skal skje med Mørebiltomta. Der ynskjer dei å få opp eit bustadkompleks med 94 leilegheiter.

Bustadkomplekset er tenkt i to avlange bygningskroppar, og med eit slags modulsystem der dei forskjellige modulane har ulik høgde. Dei høgste modulane er altså på åtte etasjar.

Wangen meiner dette er eit godt forslag.

– Alternativet kunne ha vore ein firkanta fem etasjars bygning som ville ha vore mykje meir ruvande, seier han.

Overfor utbyggjarane er det lagt føringar i forslaget til reguleringsføresegner. Mellom anna vert det stilt krav om at det skal etablerast tjuefem offentlege parkeringsplassar for langtidsparkering, og det skal etablerast parkeringskjellar/parkeringshus.

Det vert tillate med etappevis utbygging, men ved avslutninga av dei ymse etappane må bygningane stå fram som sjølvstendige med omsyn til funksjon og estetikk.

Urbanisering

Når det i formannskapet sitt forslag til områdeplan vert tillate såpass høge bygningar i Ørsta sentrum, er det grunngjeve med eit mål om fortetting. Urbanisering og fortetting er eit sentralt element i vinnarforslaget til det danske firmaet FELT i arkitektkonkurransen Europan for to år sidan. Områdeplanen byggjer mykje på desse ideane.

Amfi-området

Eit område i den områdeplanen er ikkje ferdig fastsett når planen no er ute på høyring. Det er Amfi-området.

– Det er fordi vi ynskjer å få til ei regulering i forståing med Amfi-kjeda. Her vil det vere ein dialog undervegs i den vidare prosessen, seier Wangen.

På Amfi-området vert det lagt opp til ei utbygging med fleire forretningsbygg, og dessutan parkeringshus.

Med å stengje Webjørn Svendsen-gata, og regulere ein ny tilkomstveg inn mot Amfi-området ved Tindebygget, vert det også opna for å etablere ei heilt ny forretningstomt ved E39.

Cruisehamn

I forslaget til områdeplan vert det også lagt opp til etablering av ei cruiseskipshamn i sentrum, og der kaia har feste ved Kaihuset.

– Løysinga vi har foreslått opnar for forslaga både frå Vik Ørsta og Marina Solutions, fortel Wangen.

– Og hamna vil også medføre at vi får eit skjerma hamneparti i denne delen av sentrum, der det kan byggjast ut ei småbåthamn, seier planleggjar Matias Kårstad.

Denne saka sto først på trykk i Møre-Nytt.