Å gå til politiet med den grove sex-meldinga til tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete minner meir om avlat enn evne til handling.

Etter å ha latt saka ligge i to år, stilte partileiar Trygve Slagsvold Vedum ultimatum til syndaren: Meld deg innan onsdag, eller så går vi til politiet. I går gjekk altså fristen ut, og etter det som er kjent har ikkje syndaren meldt seg.

Alle dei ti deltakarane på den mykje omtala hytteturen har tvert imot offentleg nekta for å stå bak. Vi vil tru at minst ein av dei lyg. Slikt skaper eit tillitsproblem for alle dei åtte med verv i partiet, slik også tilliten til partileiinga er svekka.Når partileiaren, eller kven det no måtte vere, troppar opp hos politiet for å melde saka, er sjansane for at det vil løyse floken svært små. For det første er det i det heile stor tvil om vi har å gjere med ei straffbar handling.

Skulle den vere det, er det framleis grunn til å spørje om det er eit så alvorleg brotsverk at politiet skal bruke ressursar på å løyse den. Meldar har i alle fall i to år sjølv ikkje vurdert dette som så alvorleg at det var grunn til å gå til politiet.

Først då det vart mediemerksemd om saka, kom partileiaren til ein slik konklusjon. Fleire meiner også at den offentlege merksemda saka har fått er grunn god nok til at politiet må setje alt inn på å oppklare brotsverket. Vi kan ikkje ha det slik. Alvoret i handlinga må vere det avgjerande.

Senterpartiet står altså i fare med å stå att med ei uoppklara sak. Det må kanskje partiet leve med. Det skal likevel ikkje den som den trakasserande meldinga har gått ut over, verte nøydd til å leve med. Saka blir kanskje uoppklara, men det er ikkje det same som at den er uløyseleg.

Løysinga må gå gjennom å ta ansvar. Om ikkje den eller dei som sende meldinga ikkje er vaksne nok til å gjere det, må både partileiinga og deltakarane på hytteturen, kollektivt, gjere det. Så langt ser det ut som at begge desse har gjort mest for å skubbe frå seg ansvar. Partileiinga vil stå seg dårleg å vise til ei avslutta politisak og ta modell av Pontius Pilatus og «toe sine hender».