Dette hevdar klubbleiar Erling Sivertsen i Forskarforbundet (FF) ved Høgskulen i Volda (HVO).

Skulen har konkrete planar om å byggje eit heilt nytt mediehus, på ei ledig tomt midt i kjernen av Høgskuleområdet. Som vanleg ved slike bygg er det Statsbygg som er byggherre, eigar og utleigar til utdanningsinstitusjonen. Og staten har fastsett eigne reglar for arbeidspostar, noko som inneber stor grad av opne landskap og ambulerande plassar å jobbe ved for dei tilsette.

Heitt i Brennpunkt

Onsdag 25. april sette NRK Brennpunkt søkjelys på problematikken opne kontorlandskap, noko som kan sjå ut til å bli ein heit potet nasjonalt. Lokalt ved HVO sende klubbleiar Sivertsen eit varsku til styremedlemmene ved HVO alt den 26. februar i år, på vegner av medlemsmassen.

Saka har ikkje vorte styrehandsama, men er framleis like heit, stadfestar Sivertsen.

Hentar støtte frå forskarar

– Ja, så lenge vi ikkje har fått noko signal på at innspela våre vil bli tekne til følgje, vil vi stå på vidare. Vi er lova eit drøftingsmøte i midten av mai, men eg føler byggeplanane no er komne så langt at det hastar veldig med våre innspel, seier Sivertsen.

– Kva er største problemet?

– Først og fremst at vi er mange som har dårleg tru på prinsippet om opne arbeidslandskap.

– I tillegg til våre eigne meiningar og erfaringar, har vi også funne brei forskarstøtte til skepsisen vi kjenner på, seier Sivertsen.

Han syner her særleg til overlege og arbeidsmedisinar Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet, og førsteamanuensis Knut Inge Fostervold ved Universitetet i Oslo.

– Eit paradoks

Sivertsen meiner desse to fagfolka sin metastudie av fenomenet går klart imot opne kontorlandskap.

– Det vil stå fram som eit paradoks dersom ein vitskapleg institusjon som HVO ikkje legg til grunn eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som Bakke/Fostervold gjev, der dei på det sterkaste åtvarar mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar, hevdar han.

Sivertsen meiner leiinga ved Høgskulen bør ha is i magen til å gjere sine eigne vurderingar i saka.

– Dei bør tenkje på tungtvegande innspel frå oss tilsette, framfor å berre tekkjast dei som skal gje klarsignal for utbygginga, seier Sivertsen, og meiner det finst alternative og nye signal frå regjeringa på temaet. Mellom anna at ulike løysingar kan kombinerast.

– Etter mitt syn står HVO dermed i praksis fritt når ein skal forme ut dei tilsette sine arbeidsplassar, seier Sivertsen. Han er positiv moderne møterom for større grupper, i tillegg til cellerom for dei som føler dei må ha det.

Vil ha ei nyansert løysing

Direktør Karen L. Jacobsen ved HVO kan ikkje love at innspela frå FF vert tekne til følgje.

– Vi tek dei på alvor – og vi skal ha seriøse drøftingar. Vi er jo absolutt opptekne av å ha tilsette som er nøgde med arbeidsplassen sin.

– Men vi har klare normer og rammer å halde oss til. Vi kan ikkje kome med ønskje om berre cellekontor til dømes. Då ville heile prosjektet vorte kansellert, og det vil vi i alle fall ikkje, seier Jacobsen.

Ho trur på ei nyansert løysing, og ho veit at ikkje alle er imot ope landskap.

– Vi skal ikkje byggje berre for dagens tilsette, men for langt fram i tid, påpeikar ho.

Framtidig: Direktør Karen Jacobsen trur moderne kontorlandskap vert løysinga. Foto: Arkivfoto
Her: På denne tomta, mellom Berte Kanutte- og Hans Strøm-huset er eit nytt, frittståande mediebygg med alle tenkjelege funksjonar teikna inn. Bygget skal stå ferdig alt hausten 2020. Foto: Knut Arne Aarset