Folketrygda kan dekke opphald på folkehøgskule for at brukaren skal bli meir sjølvstendig i daglege gjeremål. Hovudregel er stønad i eitt år, med høve for to år i unntakstilfelle, ved mykje sjukefråvær eller andre spesielle forhold.

– Vi ønskjer ikkje endring av praksis, slik at eit andre år blir hovudregelen og ikkje unntak, seier Grundtjernlien og legg til at etter deira vurdering vil det vere svært mange som vil ha behov for meir trening. I 2017 hadde Nav stor auke i søknader om å få dekt eit andre år. Grunngivinga var at brukarane trengde meir trening for å bli meir sjølvstendige.

– Habiliteringstenesta i kommunane har etter vår vurdering ansvar for å gi slik mengdetrening i daglege aktivitetar, og til å gi bustad med bistand frå kommunen. I oktober kom eit rundskriv der det var gjort tydeleg at andre år berre blir dekt i spesielle tilfelle.

Nav meiner nødvendig trening og vidareutvikling må varetakast av brukaren sin heimkommune, som har ansvar etter helse- og omsorgstenestelova. Manglande oppfølging og tilbod frå kommunen gir i seg sjølv ikkje rett til eit andre år, ifølgje rundskrivet.