Først trudde politiet at det kunne vere såkalla gutestrekar. No er det klart at tre gutar i midten av tenåra tok med bensin som dei dynka på skuret før dei tende på, fortel lensmannen i Giske, Hans-Eirik Pettersen.

Ein nabo oppdaga brannen og kom til med brannsløkkings-apparat, og brannen gjekk mest ut over bordkledninga.

– Tre gutar i ungdomsskulealder har i samtale med politiet innrømt å stå bak eldspåsettinga, seier lensmann Pettersen.

Andre gong på kort tid

Dette er andre gong på særdeles kort tid at ei offentleg bygning i Giske blir forsøkt påtent. Det første var ved Vigra barnehage. Då var det jenter i omtrent same alder som tende på.

– Først vart det meldt at det var leik med eld, men vi meiner det var ei meir bevisst handling som var farleg både for jentene og bygninga, seier lensmannen.

Pettersen ser ingen direkte samanheng mellom dei to tilfella.

Svært uroa og overraska

– Eg er jo som lensmann her ute veldig uroa for at det kan oppstå ein totalskade, seier Pettersen.

Han legg til at det i begge tilfelle var offentlege og ikkje private bygg som vart forsøkt påtent.

– Det er overraskande at ein aktivt i så ung alder aktivt går ut og forsøker å tenne på ved hjelp av bensin. Ved å tenne på med bensin kjem det også særdeles fort ut av kontroll. Det kan også oppstå skade på dei som tenner på også, seier Pettersen.

– Gutane stod også og såg på at det brende, og heldt seg i området då politi og brannvesen kom til staden, som også er klassisk oppførsel for pyromanar, seier lensmannen.

Følgjer opp

Rutinemessig har han no tatt med kontakt med barnevernet. Han varslar også bekymringssamtalar med foreldra.

– Det er første gong at desse gutane er med på slikt. Barna forstod nok ikkje heilt kva det dei har gjort medfører. Men barn i denne alderen burde etter mi meining forstå det.

– Vil desse gutane no vere merka for livet som brannstiftarar?

– Nei. Dei er så unge at vi må berre forsøke å få dei på rett spor igjen. Dei er jo berre 14-15 år. Dette er eit eingongstilfelle, og vi må satse alt på at dei kjem på sporet igjen, for sånn gjer ein berre ikkje, seier Pettersen.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.