– Klokka var 23.55 då eg såg fleire nødbluss i lufta samtidig. Eit av desse landa oppe på Husefjellet. Eg såg nødblusset lande og antenne terrenget umiddelbart, seier Røsvik som er kommunalsjef og fungerande rådmann i Giske kommune.

Melde frå til brannvesenet

– Det er kanskje rundt 500 meter frå huset mitt til der nødblusset landa og brannen starta, vurderer Røsvik.

Få med deg siste nytt frå Nordvestlandet - lik smp.no på Facebook

Kritisk til nødbluss på nyttårsaftan

Då storbrannen var eit faktum var Røsvik i sving på skulen som ein del av beredskapsgruppa til kommunen. 21 blei evakuerte i brannen, og var samla først på skulen der kommunen og politiet tok hand om dei i første omgang.

– Med bart terreng og sterk pålandsvind; det er uforsvarleg og heller ikkje lovleg, seier Røsvik.

Kommunen er framleis i beredskap om politiet vurderer det slik at meir hjelp trengst.