Oppdatering: Opp Ørskogfjellet frå Sjøholt skaper to trailarar problem for andre bilistar. Politiet står og dirigerer trafikken, fortel ein bilist.

- Det er glatt over fjellet. Vegtrafikksentralen vil sende folk for å strø, seier vakthavande operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.

Torsdag morgon hadde ein buss problem med å kome seg opp Strandafjellet frå Stranda-sida. Ved Esso-krysset slo bussen seg på tvers og hamna med bakenden utfor vegen, ifølgje ein tipsar.

Elles har ikkje politiet fått melding om større problem i trafikken på Sunnmøre.

Tips til Sunnmørsposten: 95 400 400

Uskadd utfor vegen

På E136 på Håhjem i Skodje hamna bilen over utfor vegen torsdag føremiddag. Dei opplysningane politiet har er at sjåføren kom uskadd frå det.

- Men han må nok stille seg i køen av folk som treng bergingsbil, seier vakthavande operasjonsleiar Arild Reite i politiet på Sunnmøre.

Etter utforkøyringa har brøytebilen lagt ein fin kant bak bilen.

Neppe meir snø

Natt til torsdag kom det nye centimeter med snø på Nordvestlandet. Ifølgje yr.no er det ikkje venta så mykje meir snø i låglandet med det første.

Vêret i nordvest no: Sjekk våre webkamera