Det viser ei undersøking Opinion har laga på oppdrag frå Giske kommune.

Men folk er relativt delt. 400 av dei 8.000 innbyggjarane vart spurt:

To alternativ

– Det ligg føre to alternativ for samanslåing for Giske kommune. Å halde fram som eiga kommune eller å vere med på å etablere regionkommunen Ålesund. Kva alternativ foretrekker du?

54 prosent vil halde fram som eiga kommune.

41 prosent vil vere med på å etablere regionkommune Ålesund.

Fem prosent svarte at dei veit ikkje.

Undersøkinga tar høgde for ein viss feilmargin.

Dersom heile «veit ikkje»-gruppa går inn for Regionkommune Ålesund, vil det ikkje lenger vere ein signifikant forskjell mellom dei to alternativa.

Både denne undersøkinga og folkerøystinga 19. mai skal gje råd til politikarane. 16. juni skal politikarane i Giske velje alternativ.

Dei yngste er mest kritisk

Det er dei yngste og dei eldste i Giske som helst vil halde fram som eiga kommune. Dei som ønskjer at Giske skal halde fram fordeler seg slik:

• Aldersgruppa 16-29 år: 59 prosent

• Aldersgruppa 30-45 år: 51 prosent

• Aldersgruppa 46-59 år: 50 prosent

• Aldersgruppa 60 år+: 58 prosent

Heile Sunnmøre eiga kommune

Dersom det hadde vore eit tredje alternativ, Sunnmøre som eiga kommune, hadde folk vore mindre kritisk til storkommune.

Då er det berre 47 prosent som vil vere organisert som i dag, viser undersøkinga frå Opinion.

42 prosent vil slå seg saman med ei eller fleire nabokommunar, medan seks prosent meiner at heile Sunnmøre bør bli eiga kommune.

Det er særleg menn som ønskjer Sunnmøre som eiga kommune.

Ventar dårlegare tilbod

Folk flest trur det blir eit dårlegare tilbod om Giske blir ein del av Regionkommune Ålesund.

Særleg på 'innbyggjarmedverknad' trur folk at dei kjem dårlegare ut.

Også for skule og SFO, barnehage, byggjesakshandsaming, eldreomsorg og politisk styring blir det dårlegare tilbod, trur folk, ifølgje undersøkinga.

Mange imot heile reforma

Folk i Giske er også delt i synet på heile kommunereforma.

Eit fleirtal på Stortinget har tatt til orde for ein storstilt kommunereform som har som mål å redusere talet på kommunar i landet. Dette meiner folk i Giske, ifølge undersøkinga frå Opinion:

42 prosent er imot ei slik reform.37 prosent er for. 19 prosent seier seg nøytral.