Rektor Terje André Austnes fortel at guten kom litt fortumla på skulen og fortalte kva som hadde skjedd. Han var litt småhoven i høgrehanda og hadde kipt seg litt.

- Eg trur guten blei meir skræmd enn skada. Heldigvis gjekk det bra.

Truleg vart guten treft av ein sidespegel litt før klokka halv ni. Han gjekk med øreproppar, slik ungdommen gjer no til dags.

Les fleire nyhende frå Ålesund og omland på smp.no

Men dette er ein plass med fartsgrense på 40 kilometer i timen, så det skal absolutt vere mogleg for bilførarar å unngå ein unngå sjuendeklassing, seier rektor.

- I tillegg hadde han gult regntrekk på sekken. Så ein skal vere rimeleg blind dersom ikkje bilføraren såg han.

Bilen som trefte guten burde ha stoppa. For i det minste å spørre korleis det gjekk. Difor kontakta eg politiet.

Først lensmannskontoret, så blei eg satt over til operasjonssentralen der dei sa dei skulle ta det vidare.

- Vi kjem til å følgje opp saka viss ikkje politiet tar kontakt med oss igjen, seier Austnes.