– Eg kan bekrefte at Skipsregisteret har avvist å registrere «Storeggen av Aalesund» som namn på båten, seier Jon Ketil Gjørtz, forretningsførar for Stiftelsen Kjell Holm som har finansiert båten.

Bankskøyta blei sjøsett i april og døypt i juni, men no har altså Avdeling skipsregister i Sjøfartsdirektoratet avvist namnet «på grunn av at det har fonetisk likhet med navnet til annet registreringspliktig fartøy».

Seglingsforbod

Registerførar Anita Malmedal ønskjer ikkje å seie så mykje ut over det som står i brevet dei har sendt til Sunnmøre museum, som no eig båten. Ho ønskjer ikkje å diskutere grunngivinga, men viser til at det er klagerett.

– Kva konsekvensar har det om namnet ikkje er på plass?

– Båten må ha namn på plass. Viss det ikkje er registrert, har båten heller ikkje lov til å segle, og det vil ha store driftsmessige konsekvensar, seier Malmedal og legg til at det også følgjer straffeansvar med dette. Difor må båten ha namn på plass.

– Det finst jo også andre båtar med same namn?

– Båtar over 15 meter må ha namneattest, men det kan vere båtar under 15 meter som har same namn eller at det er båtar som er registrert i andre register, seier Malmedal.

Se hvordan en fiskebåt bygges: Tilbake til byen

Sunnmøre museum fekk båten i gåve av Holm-stiftinga. Styreleiar Ragna Dahl Grønnevet har gitt klarsignal til at dei kan klage på avgjerda.

– Det er viktig å få namn på plass med tanke på drift av båten. Eg synest det er eit artig namn, men legg ikkje sjela mi i det eine eller andre, seier ho.

Gjørtz er klar på at han meiner det bør vere håp om å nå fram med klaga:

– Vi meiner at det ikkje er forvekslingsfare, seier han.

Om namnevalet fortel Gjørtz at det var eit poeng for dei å vise tilbake til første bankskøyta som var bygd i Ålesund på 1860-talet.

Fiskebåten «Storegg»

Båten som Skipsregisteret meiner har eit til forveksling likt namn er fiskebåten «Storegg», som også er registrert i Ålesund. Båten ligg for tida til kai på Ellingsøya. Eigar Øyvind Stokke har registrert at den staselege, nybygde bankskøyta har fått eit liknande namn, men meiner det er greitt.

«Storegg» er ein 90 fot stor fiskebåt som driv kystrelatert fiske. Og Stokke fortel at namnet på båten hans har ei historie. Far hans og onklane hans kjøpte ein båt på 1960-talet som heitte «Storegg».

– Då dei slutta, og det blei investert i ny fiskebåt, var det naturleg å bruke det gamle namnet også på den nye båten, fortel Stokke.