Han er medlem av kommunestyret i Haram, og seinast på møtet torsdag spurde han ordføraren kva han vil gjere i saka etter at det er kome fram at Haram er mellom dei kommunane som kan bli slått saman med andre med tvang. Ordførar Vebjørn Krogsæter sa då at han «kjende seg komfortabel med situasjonen», og det vart heller ikkje reist spørsmål frå andre kommunestyrerepresentantar. Fleirtalet i det same kommunestyret gjekk 22. juni i år inn for å slå seg saman med Sandøy eller bli ståande åleine. Under folkerøystinga i mai hadde eit knapt fleirtal sagt ja til samanslåing med Sandøy.

Sandøy til Ålesund

Krogsæter - vi er ikke inneklemt Haram forventer fair behandling Haram-ordfører Vebjørn Krogsæter forventer fair behandling fra de andre kommunene om de skulle bli en del av en storkommune rundt Ålesund som følge av tvang fra Stortinget.

Kommunestyret i Sandøy vedtok 28. juni å slå seg saman med ein storkommune med Ålesund. Der meinte kommunestyrerepresentantane at ein kommune med berre Sandøy og Haram vert for smått.

-Eg har heile tida meint at Haram burde slå seg saman med ein storkommune rundt Ålesund, men eg har respekt for kva fleirtalet meiner. No er føresetnadene annleis enn då folket og politikarane i Haram tok si avgjerd. Sandøy vil ikkje gå saman berre med Haram, og den storkommunen som det var snakk om i mai er blitt mindre. Eg meiner saka uansett er mogen for ei revurdering, meiner Harsjøen.

Stortinget avgjer

Haram + Sandøy + Nordøyvegen er best Folkerøystinga i Haram har gjeve eit klart svar. Dette skal handsamast vidare i kommunestyret 22. juni.

Haram og Sula lunkne til nye forhandlinger med Ålesund Haram og Sula ser ingen grunn til å sette seg ned i nye forhandlinger med Ålesund, Skodje og Sandøy.

Fleire aviser har meld om at m.a. Haram kan bli tvangssamanslått, og at ei avgjerd om dette kan kome allereie i stortinget vårsemesteret. Harsjøen kjenner seg ikkje sikker på at det blir slik, men Haram er i så fall i målgruppa.

-Uansett bør kommune vere med i dei samtalane som no blir gjennomført mellom Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog. Om det skulle bli tvangssamanslåing vil Haram finne sin plass i dette samarbeidet, men utgangspunktet er svakt når korta allereie er lagt, seier Harsjøen. Han tenkjer både på samferdsle, kommunale tenester og meir.

Pendlar i regionen

-Vi har ein felles bu- og arbeidsmarknad med ålesundsregionen. Mange med meg pendlar til Ålesund. Det har stor betydning for oss kva som skjer i regionen, seier Harsjøen, som strekar under at dette ikkje handlar om for eller imot reforma, men å leggje til rette for felles tenester.