Tysdag kveld ved 23.30-tida vart den utanlandske mannen i 30-åra innhenta av politiet på Sunnmøre og arrestert - igjen.

Då hadde politiet nok ein gong fått melding om ustødig køyring og rykka ut til Hareid. Dette var altså tredje gong han vart tatt for å ha køyrt i rusa tilstand denne tysdagen.

No tek politiet ingen sjansar - tysdag kveld vart han sett i varetekt.

– Vi må ganske enkelt treffe tiltak for unngå at han køyrer bil igjen. I natt får han ta til takke med å gå inne på cella si, seier operasjonsleiar i politiet, Trygve Ødegård, til smp.no like over midnatt.

Mannen er formelt sikta for ruskøyring ved tre tilfelle.

Det viser seg også at førarkortet ikkje er gyldig og at bilen er uregistrert, ifølge politiet. Dei vil vurdere å ta beslag i bilen.

Søkte etter mannen

Ødegård har aldri vore borti liknande.

– Nei, dette har eg aldri tidlegare opplevd. Og eg håper eg aldri nokon gong får oppleve det igjen, seier han.

Historia starta tysdag ettermiddag, då ein førar stakk av frå ein bil i Mauseidvåg i Sula.

Det vart søkt etter mannen med fleire patruljer, og klokka 15.45 meldte smp.no at bilføraren var tatt.

– Han blei tatt i ein kontroll på Sula i dag, og vart sleppt laus frå politihuset i Ålesund etter avhøyr, fortalde vakthavande operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck tidlegare tysdag kveld.

– Så reiser han bort igjen, set seg i bilen og køyrer retning Sulesund. På vegen er det andre bilistar som melder frå til politiet om ustø køyring, fortel operasjonsleiaren til smp.no.

Inne til avhøyr

Tilfeldigvis hadde UP kontroll i området. Dei fekk tatt mannen på kaia på Sulesund.

– No er mannen på veg tilbake til politihuset for å blåse i alkometeret, og så blir det tatt eit avhøyr dersom det er mogleg, sa Gram Franck til smp.no litt over klokka 21.

Før han altså vart sleppt fri og tatt på Hareid ved 23.30-tida tysdag.

– Var det rett å sleppe han fri frå avhøyr?

– Når ein ser på kva som skjedde, så er det jo enkelt å seie at det ikkje burde blitt gjort, seier Trygve Ødegård.

– Veit de korleis han har fått start på bilen?

– Det er førebels litt uklart, men på eitt eller anna vis har han funne fram igjen til bilen og fått start på han. Han hadde ikkje nøklar på seg då han forlet avhøyret, forsikrar Ødegård.

Rettsoppgjer

Då smp.no snakka med operasjonsleiar Gram Frank tidlegara tysdag kveld var det ikkje kjent at førarkortet til mannen var ugyldig.

– Det hjelper ikkje akkurat på for sjansen til å få tilbake førarkortet i framtida, sa Gram Franck då.