Det melder Sulaposten torsdag.

Skulane i Mauseidvåg og Fiskarstrand er begge 53 år gamle og må graderast opp om dei skal nyttast vidare.

Formannskapet ønsker heller å bygge ny skule på Rørsdadmarka til 143 millionar kroner. Det er 44 millionar dyrare enn å ruste opp dei to eksisterande skulane. Ein rapport frå Nordconsult peiker på pedagogiske fordelar ved å slå saman skulane og eit større lærarkollegium.

- Her er det inga tid å miste, det er berre å køyre på, sa ordførar Jim-Arve Røssevoll i møtet, ifølgje Sulaposten.

Prognosar viser at den felles skulen vil få om lag 240-250 elevar.