– Det har vore ein bil med røykutvikling i tunnelen. Bilen er no ute, og brannvesenet har køyrt igjennom og klarert tunnelen, sa brannmeister Åge Henriksen ved 110-sentralen til smp.no i 19-tida.

Klokka 19.10 vart tunnelen opna igjen.

På Giske-sida av tunnelen måtte brannvesenet dirigere trafikken.

– Viftene i tunnelen blir køyrd på fullt, opplyser Finn Bull ved Vegtrafikksentralen til smp.no. – På våre detektorar har vi ingen utslag på farlege gassar som CO og NO ut over det normale, men i samråd med politiet held vi tunnelen stengd, seier trafikkoperatøren.

– Ein etatbil blir sendt ned om litt, fortalde Martin Giskegjerde, som er ved tunnelopninga på øya Giske.

Klokka 18.07 melde politiet om mykje røyk i tunnelen. Giske brannvesen og Ålesund brannvesen har rykka ut, opplyste Møre og Romsdal 110-sentral. Også ambulanse er på staden.