– Men eg vil heller ha ei innbyggjarundersøking, der folk blir bedt om å svare på åtte–ti spørsmål enn ei folkerøysting, som lett kan bli kjenslebasert, seier Sandnes til Sunnmørsposten.

Av Sunnmørspostens sak måndag gjekk det fram at 80 prosent av innbyggjarane i Haram deltok i folkerøystinga som gav eit klart mandat om å si nei til ei storkommune.

Dette er ikkje rett.

Deltakinga i folkerøystinga 19. mai 2016 var 37,6 prosent. Det rette er at 80 prosent av dei som stemte ville ha ei anna løysing enn ei storkommune saman med ni andre kommunar på Sunnmøre.

51 prosent ville ha Sandøy

29 prosent ønska at Haram skulle halde fram som eiga kommune. 51,9 prosent ønska at Haram slo seg saman med Sandøy, så framt Nordøyvegen blei bygd.

Ordførar Vebjørn Krogsæter i Haram vil ha ei ny folkerøysting når alle premissane er på plass.

Spørsmålet om Haram skal vere ein del av nye Ålesund kommune (Sandøy, Skodje, Haram, Ørskog og Ålesund) frå 1. januar 2020 eller stå åleine, blir hovudspørsmåla i ei folkerøysting.

Blant dei viktige premissane som må vere på plass er inntektssystemet, meiner Krogsæter.

Ikkje klart mandat

Bjørn Sandnes seier at folkeavstemminga på ingen måte gav eit klart mandat i retning av at Haram bør halde fram som eiga kommune.

Han er ikkje i tvil om at Haram som ein del av nye Ålesund kommune er den rette løysinga, ikkje berre for Haram, men for heile regionen.