Mannen skal ha blitt funnen like før klokka 18 tysdag kveld.

– Det er vanskeleg å seie kva som har skjedd, seier politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.

– Slik eg har forstått det, var det klart at han var død då han vart funnen, seier politiadvokaten.

Politiet held i dag fram med å undersøke kva som har skjedd.

– Når ein død mann blir funnen, er det ikkje så lett å vite kva som har skjedd. Det er derfor vi startar etterforsking for å kome nærare ein konklusjon, seier Grimstvedt Kvalvik. Alle vanlege etterforskingsskritt er og blir sett i verk, opplyser politiadvokaten.