No har det skjedd igjen. I Sula har bilar i årevis blitt påkøyrt bakfrå når dei står og ventar på å få køyre av til Bjørkavåg, Eidsnes og Solavågseidet.

I går kom ei kvinne frå det med lettare skade. Men igjen, ulykka skjedde etter påkøyrsel bakfrå, denne gongen i krysset i Bjørkavåg. Og ulykkene skjer gjerne i rushtida morgon og ettermiddag.

Det er for så vidt laga ei lomme slik at bilar kan passere på høgre side, men den er så smal at lastebilar ikkje kan passere (sjå foto over). I halvmørke er lomma heller ikkje så lett å sjå, held han fram.

Her har vore personskade fleire gonger:Kollisjon mellom fleire bilar i SulaMotorsykkel og personbil kolliderte

– No byrjar det igjen å bli mørkare morgonar, seier ein lett engsteleg Trygve Holm på Sula.

I årevis har han som fylkespolitikar prøvd å setje både dette og ei rekke vegkryss langs denne vegen på kartet.

Mange bilar skal svinge av til venstre inn mot Bjørkavåg, Eidsnes og Solavågseidet, og må vente fordi det kjem møtande trafikk.

– Folk sit og ser i spegelen og lurer på om det kjem nokon bak som ikkje stoppar, seier Holm.

– Og eg har snakka med Vegvesenet mange gongar, seier Holm.

Her kan du sjå kvar Vegvesenet har registrert trafikkulykker med personskade.

– Dei må utvide forbikøyringslomma. Og dei må setje opp lys slik at ein ser kva det er ein har framfor seg, seier han.

Litt skryt vil han gje til Vegvesenet. Snart skal dei utbetre avkøyringa til Langevåg, ein kilometer lenge ute. Men mellom Vegsundbrua og Langevåg er det ei rekke vegkryss som Holm meiner er farlege.

– Skal eg bli neste som får øydelagd helsa si? spør han.