Det var mange på Storhornet som såg at ein paraglider-pilot krasja like nedanfor toppen søndag ettermiddag. Lars Åkernes Rimereit trur avstanden til ulykka berre var rundt 200 meter.

– Men dei stod berre og såg på, fortel han.

Lars og broren Ole var på tur på Godøyfjellet søndag ettermiddag. Dette er det han fortel:

– Då eg og bror min kom opp på Storhornet, såg vi i alle fall 10-15 vaksne som stod og såg ned i lia. Då vi spurte kva som hadde skjedd, sa dei at det var ein som hadde krasja med paraglider. Og då eg spurte om det gjekk bra med han, svarte dei at han hadde gitt tommelen opp, så det gjekk sikker bra, fortel Rimereit.

– Men dei som såg krasjen fortalde også at han flaug med hovudet først ned i nokre steinar. Det var sjokkerande lite initiativ frå folk, seier Rimereit.

Augnevitne: – Det såg skikkeleg ekkelt ut

Lars fortel at han og broren sprang ned. Der fann dei ein mann som så vidt greidde å røre seg.

– Han hadde blod på armen, vondt i ryggen, hadde vanskeleg å puste i djupe drag. Vi hjelpte han med å kople frå og pakke saman paraglideren. Han sa at han ville prøve å kome ned sjølv og prøvde å gå 150-200 meter, men han måtte berre legge seg ned igjen, fortel Rimereit.

Etter kvart ringde paraglider-piloten sjølv etter ambulanse.

– Det hadde vore annleis om han hadde reist seg opp og pakka saman paraglideren. Men han berre låg jo der.

– Kva trur du var grunnen?

– Det er vanskeleg å seie. Kanskje er folk redde for å ta ansvar? Det er i alle fall ikkje slik eg vil at folk skal reagere dersom det er eg som er utsett for noko. Eg vil at folk skal reagere, ikkje stå eit par hundre meter unna.

Denne gongen gjekk det bra med paraglider-piloten. Helse Møre og Romsdal opplyser at han har lette skadar. For ein månad sidan var det ei ulykke med paraglider eller speedglider på Valderøy.