Sjå resultata under.

– Her er det positiv stemning, samhald og glede, seier Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll. – Det er kjempebra her, legg han til.

– Det vart registrert i overkant av 1.300 personar innom dørene, seier Jostein Håland i tv-aksjonskomiteen på Sula.

No er håpet at Sula skal vise godt igjen på landsstatistikken for tv-aksjonen. Sula har i mange år vore nær botnen på landsoversikta. Dei labre resultata var i fleire år tema i formannskap og kommunestyre. I forfjor samla dei inn berre 30 kroner per innbyggjar. Så i fjor vart Sula-ordføraren utfordra av Marius Hammer, fylkesaksjonsleiaren for tv-aksjonen. Det ga uventa god effekt.

– Formannskapet gav meg fullmakt til å opprette ein eigen innsamlingskomité med folk frå frivillige lag og organisasjonar. Vi kalla det «Opptur Sula», fortel Røssevoll. Og det tok av. Sula gjekk rett frå 415. plass til 22. plass. Dei fekk inn heile 98,50 kroner per innbyggar.

I år har dei derfor laga folkefest i Langevåg for å halde oppe trykket, og for å sjå om dei klarer å runde 100-lappen.

Robert Post og Sula Danseklubb opptredde. Ungdomsskulen og speidaren stilte med bålpanner, pinnebrød og marshmallows. Devoldfabrikken hadde ope og ga 10 prosent av omsetninga til TV-aksjonen. Dei rundt 1.000 skuleelevane har sprunge for TV-aksjonen, og næringslivet har gitt.

– Folk var der ganske lenge ut over ettermiddagen. Uansett kva beløpet blir så opplever eg at dette har vore samlande for bygda og kommunen, seier Jostein Håland i tv-aksjonskomiteen på Sula.

– Eg føler at vi har fått til eit fellesskap og ein dugnad. Det er eg stolt over, seier ordførar Røssevoll.

Klokka 23.30 søndag viser oppteljinga 100,72 kroner per innbyggjar, med Sula på 19. plass i landet.

I Sula kommune er det så langt talt opp 907.000 kroner.

På bøssene har det kome inn godt over 200.000 kroner.

Langevåg skule har bidratt med nærare 192.000 kroner. Næringslivet i Sula har gitt 140.000 kroner. Langevåg skule har bidratt med litt over 50.000 kroner.Solevåg skule har bidratt med nærare 43.000 kroner.Fiskarstrand skule har bidratt med litt over 36.000 kroner.

Sjå oppdaterte resultat her (ekstern side). Det endelege resultatet er ikkje klart før om eit par dagar.