Fire personar vart arrestert etter ein bilbrann på Fiskarstrand natt til torsdag.

– Dette framstår ikkje som noko reelt trafikkuhell, men meir som eit tilrettelagt uhell, sa operasjonsleiar John Kåre Flo torsdag morgon.

Skulle hjelpe den andre

Avhøyra er ikkje avslutta, men politiet trur no at ulukka ikkje var arrangert eller tillaga.

– Det som er eit sannsynleg hendingsforløp er at ein bil har køyrt i ein lyktestolpe, og at den andre bilen har tatt fyr under forsøket på å få den andre laus, seier jourhavande politiadvokat Yngve Skovly.

– I tillegg er det funne narkotika. Vi ser ikkje bort frå at det kan vere snakk om ruskøyring, seier Skovly.

Avhøyra vil halde fram i føremiddag.

– Var det kjennskap mellom folka i dei to bilane?

– Det er sikkert noko som blir tema i avhøyr i dag. Det blir undersøkt kvifor dei skulle prøve å få denne bilen opp, vanlegvis blir det jo ringt til Falken om du har behov for veghjelp, seier Skovly.