De sju ungdommane har fått med seg at Storgata i Brattvåg må skifte namn, men det synest dei er like greitt. No kan paradegata få eit godt, lokalt namn.

Må bytte namn

Når fem kommunar slår seg saman, blir det også gater og vegar med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast.

Dette er blant anna viktig for at naudetatane ikkje skal rykke ut til feil stad på grunn av namneforvirring. No har fellesnemnda for den nye kommunen bestemt kva for gater og vegar som må få nytt namn. Og innbyggarane blir invitert til å kome med forslag.

Ingebrigt Davik

Martine Gunnarstein Austnes, Emilie Ulla Otterlei, Fredrik Endré Rogne, Eskil Flem, Anders Kjøpstad Finnøy, Jakob Ravnestad og Karoline Giske er førsteklassingar på Haram vidaregåande skule, og vi utfordra dei til å finne eit nytt namn på Storgata.

– Longvagata, kjem det lynraskt frå Eskil Flem som sjølvsagt bur på Longva.

Men han innser med eit smil at han nok er åleine om å meine at det er eit godt forslag.

Vågsgata kjem opp som eit anna forslag, men det er nok Ingebrigt Daviks gate som fell best i smak hos ungdommane.

– Dersom gata skal kallast opp etter ein person, må det jo bli Ingebrigt Davik.

– Er interessert

Dei sju elevane kjem frå Haram, Giske og Sandøy, og forsikrar at dei er interesserte i kommunereforma.

– Og det er nok andre saker som er viktigare enn kva gatene skal heite, seier de sju.

– Som til dømes?

– At reforma ikkje betyr meir sentralisering og dårlegare kommuneøkonomi.

Desse ungdommane er altså ikkje spesielt opptekne av at Brattvåg ikkje lenger kan ha si Storgate. Men det er Ap-politikar Emil Korsnes. I møtet i fellesnemnda der namnesaka var oppe, samanlikna han Storgata i Brattvåg med Karl Johan i Oslo.

– Kom med forslag

Det er fellesnemnda som har avgjort kva for gater og vegar som skal skifte namn, men det er dei fem kommunane sjølve som har ansvaret for å finne nye namn. No inviterer bydelsutvala i Ålesund og namnenemndene innbyggarane til å komme med nye namneforslag.

– Dei vil vurdere dei forslaga som kjem inn, og så blir dei sendt vidare til Språkrådet for uttale. Blir namnet godteke der, kjem namneforslaga til politisk behandling i kommunane i løpet av 2018, seier Anne Bente Skjellum som er kommunikasjonsansvarleg i nye Ålesund kommune.

Remavegen som går frå Vasstrandvegen og opp til Spjelkavik videregående skole må skifte namn. Foto: Staale Wattø
Får behalde Storgata. Foto: Staale Wattø