Fire lokalpolitikarar klaga på avgjerda om å lukke eit møte i kommunestyret den 15. juni i år. På møtet skulle politikarane behandle ein interpellasjon frå Ina Giske (Frp) der ho bad om at kommunen henta inn hjelp utanfrå for å sjå nærare på minst fem barnevernssaker.

No har fylkesmannen i Møre og Romsdal tatt stilling til spørsmålet og konkluderer med at det var lov å lukke møtet etter kommunelova sin paragraf 31. Den seier at eit møte i folkevalt organ kan lukkast om omsynet til personvernet krevjar det.

– Fare for identifisering

Det var Ina Giske (Frp) som saman med partikollega Geir Arne Dyb, Tore Nordstrand Uggedal (Sp) og Gunnar Morsund frå Tverrpolitisk liste, kravde lovlegkontroll av vedtaket.

Då møtet blei lukka, blei det grunngjeve med at innleiinga i interpellasjonen frå Giske – i anonymisert form - skildra korleis ein forelder i ei konkret barnevernssak opplevde å bli fråteken barnet.

Det var også innhaldet i svaret frå ordførar Harry Valderhaug då Sunnmørsposten spurde om bakgrunnen for å lukke møtet.

(saka held fram under)

Samstundes meinte kommunen at teieplikta i barnevernssaker var avgjerande for å lukke møtet.

Politikarane som kravde lovlegkontroll meinte at sitatet i interpellasjonen ikkje kunne identifisere nokon. Dei argumenterte også med at politikarene i eit ordskifte om saka, måtte ta omsyn til at ein ikkje kunne diskutere enkeltsaker.

Kunne blitt «nærgåande debatt»

Fylkesmannen seier seg samd i at sjølve forslaget, om å granske fem einskilde barnevernssaker, ikkje gav grunnlag for å lukke møtet.

Når kommunen likevel får medhald, blir det grunngjeve med at det i ein diskusjon om saka, «kunne blitt ført ein nærgåande debatt enkeltpersonars personlege eigenskapar og bakgrunn».

Fordi kommunestyremøta blir filma og gjort tilgjengeleg på internett, meiner fylkesmannen at verknaden av slike personlege opplysningar, kunne få store konsekvensar. Det blir også lagt vekt på at barnevernssaker «står i ei særstilling med omsyn til behovet for skjerming av enkelte diskusjonar i kommunestyret».