På ulike vis har Giske-politikaren Ina Giske (Frp) fremma forslag om å undersøke korleis barnevernet utfører jobben sin. Bakgrunnen er meldingar som gjer ho uroa for om kvaliteten på arbeidet er god nok.

– Om vi som lokalpolitikarar ikkje kan gjere grep for å sjå om systemet fungerer som det skal, verkar det uangripeleg, seier Giske til Sunnmørsposten.

Ho meiner det verker som mange lokalpolitikarar er redde for å ta tak i temaet.

–  Hadde vi fått tilsvarande meldingar om uro frå skular eller omsorgstenestene, ville vi teke tak i det, meiner Giske.

Vil ha gransking

At fylkesmannen nyleg gav si velsigning til at kommunestyret i sommar lukka eit møte for å diskutere eit spørsmål frå Frp-representanten Ina Giske, gjer ho ekstra oppgitt.

Bakgrunnen var at ho hadde levert ein interpellasjon der ho tok til orde for ein ekstern gjennomgang av fem einskilde barnevernssaker. Eit tilsvarande vedtak er nyleg gjort i Bergen kommune.

Fylkesmannen meiner det «kunne blitt ført ein nærgåande debatt enkeltpersonars personlege eigenskapar og bakgrunn» og viser til at det er lovpålagd teieplikt i slike saker.

Men årsaka til at kommunestyret lukka møtet var sjølve innleiinga i spørsmålet, der det vart vist til personlege erfaringar frå ei mor som var fråteken eit barn.

Giske meiner difor fylkesmannen bommar i si vurdering.

– Det var ikkje omsynet til dei sakene som eventuelt skulle undersøkast, som var grunnlaget for debatten om lukking av møtet, påpeiker Giske.

Les også:

Hadde lov å lukke møte om barnevernssak i Giske (for abonnentar)

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg (for abonnentar)

– Kan verke provoserande

Framlegg om å be kontrollutvalet i Giske gjere ein såkalla forvaltningsrevisjon av barnevernet, har heller ikkje fått fleirtal i kommunestyret. Men leiar i utvalet, Gunnar Morsund, frå Tverrpolitisk liste seier han vil foreslå nettopp dette på utvalet sitt neste møte.

– Kontrollutvalet kan gjere det på eiga initiativ.  Mi personlege oppfatning er at barnevernet gjer ein god jobb, men fordi det er skapt mykje uro kring dette, kan det vere ein fordel å undersøke, seier Morsund.

Han trur at forma Ina Giske har valt – mellom anna med å nytte eit partsinnlegg frå ei mor i den omtala interpellasjonen er uheldig og «kan verke provoserande», seier Morsund.

(saka held fram under)

Slik gjekk det då Søre-kommunane undersøkte barnevernet:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn (for abonnentar)

Barnevernet følgjer opp betre - men bryt framleis lova (for abonnentar)