Det same seier Jarle Ekroll, som inviterer barnehagar til skirenn i Engesetdalen også denne vinteren:

– I starten gjekk dei litt forsiktig, no er det fleire som tar dobbelttak, seier han. Fredag stilte 45 born frå Tennfjord, Vatne og Brattvåg på startstreken. Sjå bildeserie over.

– Vi må lære ungane korleis dei skal kome seg fram, og motivere dei og heie dei fram, seier Jennifer Thoresen frå Tennfjord barnehage. Ho står i den brattaste motbakken i løypa og hjelper dei som treng det.

Ekroll understrekar at løypene på Engeset kan brukast av alle heile vinteren. Så langt er det nær ti barnehagar som har meldt seg på skirenn – men berre éin frå Ålesund. – Folk i Ålesund bør få auga opp for forholda her inne, meiner Ekroll.

Del gjerne dine vinterfoto med Sunnmørsposten. e-post 95400400@smp.no || MMS: 95 400 400