No seier Ørskog-ordførar Knut Helge Harstad at det er naturleg at det ikkje er ulike prisar på same distansar.

– Å satse spesielt på Sula og Giske syns eg ikkje er godt grunngitt. Dei må satse på heile Ålesund også. Trafikkmengda i Brusdalen er 10.400 bilar i døgnet, ifølgje Vegvesenet sine tal for 2016. Med ein gong det blir ein trafikkstans, er det inga omkøyring som er i nærleiken av å ta av trafikkmengda.

I tillegg har Brusdalen drikkevasskjelda for Ålesund og Sula. Tennfjord nemner intensjonsavtalen for Nye Ålesund der ein skal «få på plass framtidsretta løysingar for samferdsel som vil binde regionen saman».

Tennfjord jobbar for å utvide busstilbodet både til Ålesund og Vigra, men i første omgang gjeld det å fylle opp bussane som er i trafikk.

– Det som er viktig er at vi får fylt opp bussane våre og avlasta vegen. Prisen må då invitere til dette. Viss vi alle held fram med å køyre bil, vil køane auke alle vegar, seier Tennfjord.

Les også: Bussreisende fra Skodje må betale dobbel pris

Bussjåfører reagerer: Ønsker billigere bussbillett med app

Opp i fylket

Etter å ha lese om saka i Sunnmørsposten, vil Frank Sve ta saka opp som tema i fylkesutvalet 29. januar.

– Busstakstane er ikkje kopla opp mot kommunereforma. Men om det burde det, det kan jo vere eit godt poeng. Vi må gjere eit grundigare djupdykk i den biten, seier Sve.